Valglogo nynorsk

Førehandsrøysting

Surnadal kommune har 2 dagars val: søndag 13. september og måndag 14. september. Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagane kan du førehandsrøyste. Dette kan du i Surnadal kommune gjere på desse stadene.

Sørviskontoret på kommunehuset:

Alle kvardagar frå 10. august – 11. september frå kl. 08.00 – 15.30.
Torsdagane 20.8., 27.8. og 3.9. fram til kl. 18.00.
Laurdagane 22.8., 29.8. og 5.9. frå kl. 11.00 – 16.00.

Ved institusjonar:

Surnadal Sjukeheim: tysdag 8. september kl. 09.00 – 12.00.
Bårdshaugen omsorgsbustader: tysdag 8. september kl 13.00 – 15.00.
Stangvik Aldersheim: onsdag 9. september kl 13.30 – 15.00.
Surnadal vidaregåande skole: onsdag 9. september kl 10.00 – 12.00.

 

Ambulerande røystegjeving

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan røyste på ein røystestad kan du søkje valstyret om å få røyste heime. Slik søknad skal sendast Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, innan onsdag 9. september.

 

Legitimasjon. Valkort.

Veljarar som er ukjent for røystemottakaren må kunne legitimere seg.  Husk å ta med deg det valkortet du har fått tilsendt. Dette gjeld ikkje som legitimasjon.

Meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet finn du på kommunen si heimeside.

 

Surnadal valstyre