val 2011

Førehandsrøysting ved kommunestyrevalet og fylkestingvalet 2011

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen kan du røyste på førehand. Dette kan du i Surnadal gjere på desse stadane:

 

 
  • Sørviskontoret på kommunehuset 10. august – 9. september kl. 08.00 – 15.30.
  • Surnadal kulturhus laurdagane 20. august, 27. august og 03. september kl 11.00 – 16.00.
Ved institusjonar:
  • Surnadal Sjukeheim: tysdag 6. september kl. 09.00 – 12.00
  • Bårdshaugen omsorgsbustader: tysdag 6. september kl 12.00 – 14.00
  • Stangvik Aldersheim: onsdag 7. september kl 13.00 – 15.00
  • Surnadal vidaregåande skole: onsdag 7. september kl 10.00 – 12.00
Ambulerande røystegjeving
Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan røyste på ein røystestad kan du søkje valtyret om å få røyste heime. Slik søknad skal sendast Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, innan onsdag 7. september.
Legitimasjon. Valkort.
Veljarar som er ukjent for røystemottakaren må kunne legitimere seg. Husk å ta med deg det valkortet du har fått tilsendt. Dette gjeld ikkje som legitimasjon.
Surnadal valstyre