Bente i flaum

Helsing frå Pnom Penh, Kambosja

Fødselsforhold og regntid

Bente Iversen Foseide har vore i provinsen utafor Pnom Penh i dag. - Det var stor flaum, så vi måtte gå gjennom vatn til langt oppover leggane saman med landsbyfolket, fortel ho. Vi kjørte med motorsyklar gjennom vatnet og ein kanadiske frivillig plumpa uti vatnet stakkar, da motorsykkelen kolva. Den landsbyen treng verkeleg å gjere noko med vegane sine..

 

Bente Iversen Foseide, og mannen Knut, arbeider for Misjonsalliansen i Pnom Penh, Kambodsja i den første 4-årsperioden sin. Bente har far frå Rindal og Knut har mor frå Surnadal.

Bente har sendt oss artikkelen nedafor om korleis det er å bli mor i Kambodsja.

 

 

 

3 månaders fødselperm
 

3 månaders fødselpermer realiteten for arbeidende kvinner i Kambodsja. Srainea (21 år) er mor til vesle Benahem som berre er ein månad gammal. Om 6 veker skal ho tilbake på jobb på klesfabrikken i Phnom Penh.

 


 

T.v. Yokhim (30) med denne hjerteknusaren Sobli (3 mnd) på fanget var i full sving på rismarka ei veke etter fødselen.  

Under: Vesle Benahem (1 mnd) saman med bestemor.


 


 

Verkelegheita er hard for vordande mødre på landsbygda i Kambodsja. Vegen til helsesenteret kan vere lang, og mange må komme seg til fødestua på sykkel. Ein stor del av kvinnene føder utan helsepersonell til stades. Dei siste dagane har eg vore ute i provinsen Takeo som grensar til Phnom Penh. Der møtte eg mange mødre med nyfødte barn.



 

Mødrene imponerte meg, frå førstegangsfødande som tar kun 3 månaders fødselspermisjon til seksbarnsmødre som er tilbake på jobb på rismarka ei veke etter fødselen. Den eine 31 år gamle seksbarnsmora hadde født fem av ungane heime, men dei fleste andre fødte på helsesenteret i landsbyen eller på sjukehus i hovudstaden.


T.h. Sreinea (21) skal tilbake på jobb i tekstilfabrikken 10 veker etter fødselen.


 

Erstatning for morsmjølkerstatning


Srainea, mor til Benahem (1 mnd), fødte på det Khmer-russiske vennskapssjukehuset i Phnom Penh. Det er statleg og er det nærmaste sjukehuset for henne. Ho slutta på jobb to veker etter fødselen og skal begynne på igjen om 2,5 månader.


 

Srainea ammar ungen sin no. Men det er ikkje alle kvinnene på landsbygda i Kambodsja som klarer det. Dei som ikkje har nok melk på grunn av at dei sjølve er underernærte eller at dei på grunn av andre årsaker må slutte å amme, gir babyen kondensert søtmelk. Ei kvinne som ikkje hadde nok morsmjølk gav sin 4 månader gamle baby graut av ris og kjøtt. Vanleg morsmjølkerstatning har dei ikkje råd til.


-  Fabrikken sponsar morsmjølkerstatning til ungen er eitt og eitt halvt år. Så då kan eg arbeide medan svigerinna mi passar på babyen, fortel Srainea, som får god hjelp av mor til å passe på sin førstefødte mens ho er heime.


 

Opplysningsarbeid
 

Misjonsalliansen arbeider med grunnleggjande helseopplysning og forbetring av sanitærsituasjonen i landsbyane vi samarbeider med. Tilgang til reint vatn, latriner og å sove under myggnetting har forbetra helsa til mange familiar på landsbygda i Kambodsja. Mange familiar har no latriner og drikkevatn frå beskytta vassdammar, eller dei samlar regnvatn og bruker vassfilter for å reinse vatnet før dei drikk. Faktisk har over 7000 barn og vaksne har rapportert at familiane deira har fått betre helse etter dei har fått helseopplysning frå Misjonsalliansen sine lokalpartnarar.
 

T.h. Tho Naet (31) med to av sine seks barn.

 


 

Utvidar helsearbeidet
 

Det er mykje arbeid å gjere innan helse. Om lag halvparten av familiane i Kambodsja manglar tilgang til reint vatn, og cirka ein tredjedel av ungane under fem år er underernærte. Mange koker ikkje vatnet dei drikk og har ofte magesmerter og diaré. Det er noko mangelfull kunnskap og praksis om god helse og hygiene. Det neste året planlegg vi derfor å utvide helsearbeidet, når vi veit kva behov som er størst innan målområdet til partnarane våre.


 

Du kan vere med å gjere det vidare arbeidet til Misjonsalliansen mulig i Kambodsja frå denne sida!


 

Helsing Bente og Knut