Header2

Flotte forhold for ishockey

No ligg isen blank og fin på hockeybana i Saga-grenda, noko tidligare enn dei siste åra. Dette til glede for dei som ønskjer å spele ishockey eller som berre vil leika seg på skeiser.

Da TP var innom denne torsdagskvelden, var det full aktivitet med ishockey. Det var Sagene Puck-klubb som endeleg fekk is under skeisene, og kunne ha sesongens første trening på heimebane. Klubbens leiar, Eirik Tørset, kunne fortelja at alle som vil spela hockey eller berre leika seg på skeiser, er hjarteleg velkomne. Banen er open kvar dag så lenge det er is-forhold. Det finns noko utstyr i varmebua, som kan nyttast viss folk treng. Alle oppmodas til å bruke hjelm!

Banen er tilgjengeleg for alle som ønsker å gå på skeiser. I utgangspunktet gratis for alle, men Tørset oppmodar brukarane å melda seg inn i klubben.       

Tørset seier vidare at klubben ønskjer rekruttering, og set stor pris på om den yngre garde vil væra med å spela hockey. Dei er hjarteleg velkomne, seier Tørset.

Turnering

Den 20. januar skal klubben arrangera ishockeyturnering på Sagene, Winter Classic 2018, som turneringa heiter, og det kjem fleire lag frå trøndelag som får bryna seg på heimelaget. Sagene Puck-klubb har gjort det skarpt på fleire turneringar dei har delteke på, så det ligg an til ei spennande turnering. Tørset vonar at publikum møter opp i hopetal for å oppleva fart og spenning, samt å støtta heimelaget!

Magnar Løset.jpg
Magnar Løset i fint driv med pucken.

Odd Inge Kvernberg.jpg
Odd Inge Kvernberg.

Takling.jpg
Ligg det an til takling?