Flott publikumsstøtte, men tap
Søndag møtte Rindal IL Orkanger 2 framfor eit talrikt entusiastinsk publikum. Trass i jamnt spel til eit stykke ut i 2. omgang, så vart det tap 17 - 24.
Fulle tribuner, som vanleg!
Orkanger stilte med sterkt lag, og Rindal makta ikkje spele opp mot sitt beste. I tillegg hadde dei skader. Karianne Gjertsen Barøy måtte tidleg gå av banen, og det svekka laget.
Sjølv om det vart ein del mål, så fekk dei ikkje skikkeleg dreis på spelet, og Orkanger var raske i kontringane og skaffa seg mål. Særleg mot slutten kom måla for lett. Det stod 9 - 11 på tavla ved pause, og Rindalslaget lukta på uavgjort før Orkanger tok over spelet og enda med 24 mål mot Rindal 17.
Dette var siste kampen denne sesongen. Karianne Gjertsen Barøy dreg tilbake til Søgne etter sesongen, og trenar Petter Mathisen Giæver sluttar også på grunn av flytting.
Rindal IL
1. Maren Halgunset
2. Gro Anita Bolme 6
4. Nelly Skjølsvold 4
5. Malin Bjørnås
6. Ane Vasskog 5
8. Ana Paula de Jesus Pimentel 1
10. Maren Trønsdal Lund
12. Eirin Eline Mogset
13. Oddrun Berdal
15. Elin Landsem
16. Tonje Bjørnås 1
18. Beate Løseth
20. Karianne Gjertsen Barøy
26. Mona Bolme Nonstad
Leder A: Anders Moe Sæter
Leder B: Lisbeth Evjen Halgunset
Leder C: Petter Mathisen Giæver
Orkanger 2
1. Eva Katrine Jørgensen Hagen
2. Wenche Leinum Holm 2
6. Marte Syrstadeng 4
8. Mari Evjen 3
11. Anna Olea Mowinckel Almli
13. Iselin Viggen Røli 4
19. Nora Eivor Bolland Byberg 2
21. Emilie Berg Bjerkan 3
24. Maja Helland 1
25. Hege Syrstadeng 5
Arild Eggan
Tom Eirik Krokdal
Kristin Sandvik Løseth
Kristin Solem
Sjå bildeserie frå kampen i Rindalshuset nedafor!