Sundbåt-cruise og og kyrkjebåtroing
Fjord-dag i Bøfjorden
Sundbåt-cruise og og kyrkjebåtroing:
FJORD-DAG i Bøfjorden
Søndag vil ramsalt sjøliv prege Bøfjorden. Sundbåten «Framnæs» byr på fjordcruise, og kyrkjebåtane «Halsabrura» og «Hjelmkonnå» mæler krefter i frisk kappror. Etterpå er det samling på Sjøbruksmuseet.
Arrangør Bøfjorden Historielag ventar eit yrande liv på og langs fjorden. Ilabukta - sjølve «hamnebyen» ved Samvirkelaget - er base for aktivitetane. Ved Saga (Kassafabrikken) er det for dagen ordna enkel kafeteria. Og ein reknar med at det aktive småbåtlaget og andre vil befolke sjøen.
Med bøfjordingen Einar Staknes som skipper går sundbåten «Framnæs» så å seie i kjølvatnet til dei gamle fjorddampane frå Kristiansund til Bøfjorden – sikkert med ein del passasjerar frå byen. Etter modell av gamle «Framnæs» (1916-1951) vart denne nye bygd på Kleivset i fjor – på initiativ av energiske veteranbåtentusiastar.
«Framnæs» tek ombord passasjerar ved Bøfjord Samvirkelag og går mini-cruise på fjorden, rundt Bøfjordholmane, til Heggemsneset og Bøkleppen. Lokal guide vil fortelje om sjøfartstradisjonar, skipsbygging, mannskap og hendingar frå bygda si maritime historie.
Både landkrabbar og sundbåtpassasjer får oververa spennande ro-konkurranse mellom kyrkjebåtane «Hjelmkonnå» (Bøfjorden) og «Halsabrura» (Valsøyfjorden). Roinga går frå Samvirkelaget med rute gjennom Bøsundet, rundt Grasholmen og tilbake. Frå Bøbrua vil publikum ha ypperleg utsyn til båtane.
Bøfjorden Sjøbruksmuseum er ope som alltid på sommarsøndagar - med kaffe og utstillingar heile ettermiddagen. Etter endt konkurranse og fjord-tur blir det her avsluttande samling med premieutdeling, informasjon om Framnæs-prosjektet og Dagens Tema, der typograf Terje Holm (bilde over) presenterer den ferske ferjeboka «Med kaffe og svele over fjorden».
Kaffe, svele og meir til sørgjer forresten også museumskjøkenet for!
Frå tidlegare kapproing ved Bøbrua – her med «Hjelmkonnå» (t.v.) og «Fjordamerra» frå Aure. (Foto: Bernt G. Bøe)
Sundbåten «Framnæs» tek turen frå Kristiansund til Bøfjorden søndag. (Foto: Terje Holm)