Fiskemiddag og Kalla-kunst i Bøfjorden
100-årsjubileet for Kalla Skrøvseth tjuvstartar på museet i Bøfjorden søndag. Biletkåseriet "Korset og lyset sin målar" er ein kavalkade over hennar liv og kunst. Museet byr dessutan på sin spesielle fiskemiddag.
Surnadals store biletkunstnar stammar frå Skrøvset i Bøfjorden og hadde sterk tilknyting til slekta der og i Settemsdalen.
Kalla Skrøvseth var fødd i 1913 og døde i 1997. Alt som tenåring studerte ho ved Dahms Malerskole i Oslo. Ho debuterte med 50 verk på utstilling i Kristiansund i 1943. Og det med suksess, 35 av bileta vart kjøpte!
Tilbake i Oslo studerte ho under rådgjeving av bl.a. Axel Revold. Gjennom opphald i utlandet (USA, Italia, Danmark, Israel og England) henta ho heile livet nye impulsar som påvirka henne. Ho utvikla meisterskap innan ulike teknikkar - som oljemåleri, pastell, materialrelieff og mosaikk.
Store og ærefulle oppdrag kom etter kvart. Kalla leverte kunst til mange kyrkjer, forsamlingshus og offentlege bygg i tillegg til enkeltverk som finst i privat eige. Eit stort fotoprosjekt er no i gang for å dokumentere mest muleg av hennar livsverk. I november blir det i Surnadal markering av 100-årsjubileet.
Kåseriet på museet i Bøfjorden viser eit fyldig tverrsnitt av Kalla sin produksjon – frå landskap, daglegliv og portrett til bibelkunst med sterk symbolikk og kunstnarleg særpreg.
Det er Bernt G. Bøe som har sett saman programmet. Materialet er tidlegare levert til skulane i Surnadal kommune.
Søndagens fiskemiddag består av steikt bøfjord-fisk i museumskokkens velsmakande dandering.
Hundreårsjubilanten Kalla Skrøvseth – her i sjølvportrett frå 1946.
Barndomsinntrykk kjem att i måleriet av kvennhuset i Settemsdalen.
Kalla var mosaikkens meister. Her utkast til altarpartiet i Nord-Heggelia kapell (1983).
Randi Vetleseter Bøe er kokke når bøfjordsk delikatesse blir servert søndag - fiska av Kåre O. Bøklepp.