Fire dåpsbarn i Rindal

I Rindalskirka var det i dag fire barn som var bore fram til dåpen og mykje folk følgde dei. Sokneprest Lene Gåsvatn heldt preika over teksta om den lamme mannen som måtte firast ned gjennom taket for at Jesus skulle få gjere han frisk! 

Barnedåp 5. februar 2017b_690x585.jpg

Dåpsbarna var Eila Langli, Linnea Talgø, Scott Smevold og Gustav Grøset Mykkelgård.

Preiketeksta var Mark 2,1-12 

1 Noen dager senere kom Jesus igjen til Kapernaum, og det ble kjent at han var hjemme. 2 Det samlet seg så mange at de ikke fikk plass, ikke engang utenfor døren. Mens han forkynte Ordet for dem, 3 kom de til ham med en som var lam. Det var fire mann som bar ham. 4 Men de kunne ikke komme fram til ham på grunn av trengselen. Derfor brøt de opp taket over stedet der han var, laget en åpning og firte ned båren som den lamme lå på. 5 Da Jesus så deres tro, sa han til den lamme: «Sønn, syndene dine er tilgitt.»
    6 Nå satt det noen skriftlærde der, og de tenkte med seg selv: 7 «Hvordan kan han si slikt? Han spotter Gud! Hvem andre kan tilgi synder enn én – det er Gud?» 8 Straks visste Jesus i sin ånd at de tenkte slik, og han sa til dem: «Hvorfor går dere med slike tanker i hjertet? 9 Hva er lettest å si til den lamme: ‘Syndene dine er tilgitt’ eller: ‘Stå opp, ta båren din og gå’? 10 Men for at dere skal vite at Menneskesønnen har makt på jorden til å tilgi synder» – og nå vender han seg til den lamme – 11 «Jeg sier deg: Stå opp, ta båren din og gå hjem!» 12 Og mannen reiste seg, tok straks båren og gikk ut rett for øynene på dem, så alle ble ute av seg av undring. De priste Gud og sa: «Noe slikt har vi aldri sett.»

Preika som Sokneprest Lene Gåsvatn heldt:

Me har høyrt om ein ganske artig variant av sørvis: Når det ikkje er pass til å koma inn i huset og fram til Jesus gjennom døra, må me heller finne på andre løysingar.

Dei er fire karar som kjem med ei båre. Båra er ein type seng som det går an å bera. Og han som ligg på båra er lam – og det betyr at han ikkje kan stå på føtene. Føtene kan ikkje bera han – så difor treng han fire menn for å bera seg.

Men så var det dette døraholet, då. Det blir for trongt å koma fram når det står tett-i-tett med folk både inne i huset og utanfor huset.

Men desse fire berarane er verkeleg løysingsorientert: Dei fèr med både lam mann og båre opp på taket, lagar hol i taket og firer den lamme mannen ned og direkte inn i romet der Jesus er.

Skal sei, du – her er det vener som ikkje er redde for folkesnakk og anna snakk. Og han som ikkje kunne gå på føtene bir faktisk behanda av Jesus så til gangs at han kan både trø på føtene, gå på føtene og endå til bera båra si heim sjølv.

Tenk om noko slikt hadde skjedd hjå oss? Det har gått rykte om at Jesus er i Rindalskyrkja. Og no kjem alle og einkvar til kyrkja for å møte Jesus. Alle som soknar til Rindaskyrkja er her, og det blir fullt både inne og ute. Tenk det?! Kunne det vorte plass så nokon kunne bera inn i båre? Kunne det skjedd at nokon kunne bli friske att og bruke føtene sine – eller kva som no feilar folk.

Jesus er i Rindalskyrkja i dag. Når me høyrer lese om Jesus og når me ber til Jesus, så har han lova å vera i lag med oss. Faktisk har Jesus lova oss så mykje at det er vanskeleg å få oversikt over det: Han vil vera med oss alle dagar så lenge verda står. Tenk det!

Då den lamme mannen på båra fekk hjelp så han kunne gå att, var det også nevnt noko om å få syndene sine tilgitt. Om å få livet i balanse, slik at han slapp å vera Gud skuldig noko.

Han er tydeleg på dette, Jesus: Han seier Du sonen min, syndene dine er tilgitt. Og sjølvsagt var det nokon som ikkje syns at Jesus skulle prate slik. Koma her og koma her, liksom?

Så får me høyre kva Jesus kan: Han kan tilgje det me har gjort gale i tankane våre, i orda våre og i det me har gjort. Og ikkje minst har me ve også eitkvart godt me kunne ha gjort, men som me ikkje gjorde. Slik vil det alltid vera.

Og når det er slik – då er det godt at me har ein Jesus å gå til som kan hjelpe oss å få orden på både livet her og det neste livet. Me møter Jesus her i kyrkja i dag – gjennom ordet me høyrer og deler, gjennom samane me syng og ikkje minst gjennom ord og sakrament som blir våre fire små kyrkjefolk til del. Amen.