Fin fellesgudsteneste i Stangvik
1.pinsedag er det tradisjon at kyrkjelydane i Rindal og Surnadal samlast til felles gudsteneste i Stangvik, og no er også Halsa med på dette opplegget. Dei fleste kom landevegen, men det var også nokon som kom sjøvegen, som også er tradisjon i Stangvik.
I år var det ei spesiell pinsegudsteneste, sa gudstenesteleiaren Leif Endre Grutle, som er fungerande prost i Indre Nordmøre prosti. Sist mandag gjekk Den Norske Kyrkja over frå å vere Statskyrkje til å verte ei Folkekyrkje. (Les meir om det på Trollheimsporten her!) 1.pinsedag er kalla kyrkjas fødselsdag. Grunnlovsendringa mandag gir nytt innhald i dette uttrykket. Pinsedag er også den store dåpsdagen, og i Stangvikkyrkja vart to gutar bore fram til dåp i dag.
Klikk på bilda nedafor og så dei større og som bildeserie!