1 Mot Solåsvatnet (1)_690x460

Fin dagstur til Solåsen

Brage og eg hadde ein overlag fin dagstur til hytta vår og området vest for Solåsvatnet torsdag 29.januar. Sjeldan å få oppleve så fint skiføre og god glid på skia, skriv Anne Vognild Einum

Såg her på Trollheimsporten om "gutta på tur" som og hadde hatt ein fin skitur same dagen. Noko lenger tur det da, rundt Skåkleiva! Jau, Harald Egil Folden og turkameratane er tydelegvis blant dei sprekaste rindalingane. Turen rundt Skåkleiva fristar! Så spørs om eg får dra med meg kaill`n på ein rundtur.

Øvste bildet viser utsyn til Skåkleiva, Resfjellet, Vaulenvatnet og Solåsvatnet og hytta vår.


To"gaddar" på Fagermyrene med Bøverdalsfjella. 


Frå heimturen, nesten framme ved Langstikleiva i det sola gar ned bak Trollheimen.

 Manglar berre at eg har eit bilete mot sør, der vi har panoramautsikt over svært mange av fjella i   Trollheimen.

Tekst og foto: Anne Vognild Einum