Finnguten_1024x768

Filmpremiere i Bæverhall

Torsdag kveld blir det filmpremiere i Bæverhall. Filmen mange har venta på, Eistein Bæverfjord sin film om Finnguten, er no endeleg klar for presentasjon for publikum. På programmet for kvelden står også song og musikk av lokale krefter samt kåseri frå den tida flyttsamen Torkel Jonassen Rutfjell levde med familien sin i området.

Odd Trodal og Tor Holten i finngutens rike- rundt Hardbakkvatnet- ein finversdag for eitt år sidan. Her med utsikt ned i botnen av Vassdalen.

Da lakkar det mot premiere på Finnguten. På eit arrangement med namnet UTKANTKULTURKVELD førstkomande torsdagskveld, blir filmen vist på sin absolutte heimebane; Bæverhall i Bæverdalen. Filmen er bygd rundt historia i diktet Finnguten av Jørgen Gravvold, og tek for seg den tragiske historia om den sjuke sameguten som kom ned i Bæverdalen sist på 1800-talet. Det er mange ubesvarte spørsmål rundt denne historia, og konspirasjonsteoriane har vore mange attover tida. Tor Holten har saumfare historia om samane som heldt til i Bæverdalsfjella, og i sitt kåseri vil han truleg koma med fakta som fører oss litt nærare fasiten i vår lokale same-historie.

Ei heilt ny songgruppe skal også på banen denne kvelden, både med Jørgen-stoff, og ikkje minst ein song av reinssamen og predikanten Torkjell Ruthfjell. Styret for Bæverhall står som arrangør, og dei vil satse på servering av kaffe og kaker, slik at den sosiale biten kan bli eitt av høgdepunkta, – i eit hus som er så alt for lite bruka, seier primus motor for arrangemente, Eistein Bæverfjord.

Det er mange lokale stjerner med i Finngut-filmen, mellom anna Rita Aarnes – som trøystar Finnguten i sottesenga med bibelvers. Arrangørane er også på jakt etter raud løpar til dei “store stjernene” Tor Holten og Odd Trodal.