samtale_cropped_1024x730

Festivalutstillinga opna!

Norsk laksefestival er ikkje skikkeleg i gang før festivalkunstnaren har opna dørene til årets utstilling. I år det Jon Arne Mogstad, anerkjent kunstnar og opprinneleg surnadaling, som presenterer måleria sine for publikum. Tidlegare i kveld vart utstillinga opna på Surnadal kulturhus. Publikum bør ikkje vera overraska over at eit spennande motiv frå elva Surna står sentralt i denne utstillinga.

 

samtale_cropped_715x510.jpg

Festivalkunstnar Jon Arne Mogstad i samtale med gjestar på kunstutstillinga. Alle foto: Norunn Holten

Utstillinga består av 17 måleri og er ei salgsutstilling. Innan dørene stenger den 7. juli bør du sørge for å få svinga innom Finstuå for å få tatt ein titt. Vi er heldige som har fått ein kunstnar av Jon Arne Mogstad sitt format til å stille ut i vesle Surnadal, og ekstra stas er det sidan han også trødde sine barnesko her. Ettersom anledninga for utstillinga er laksefestival, er det ikkje uventa at eit motiv frå elva Surna står sentralt i utstillinga. Det er området nedanfor butikksenteret som er blitt festa til lerretet, og for den lokalkjente bør det vera godt muleg å kjenne seg att. Måleriet på omtrent 2 X 2 meter og er nok litt for stort for ein gjennomsnittleg stuevegg, men her bør aktuelle firma i bygda kjenne si besøkelsestid og sikre seg godbiten til eit lokale det vil bli sett. Dette er eit bilde som ikkje bør forlate bygda igjen!

Årets festivalutstilling har spenn: Fleire ulike teknikkar, materialar og motiv er representerte. Dei karakteristiske stripene som vi kjenner frå tidlegare, til dømes frå utsmykkinga av kulturhuset, er med også denne gongen. Utstillinga er dessutan ein nesten komisk klar demonstrasjon på korleis konteksten påverkar tolkinga vår av alle sanseinntrykk. Da publikum kom inn i lokalet, vart dei heilt naturleg trekt mot det iaugefallande bildet frå Surna. Deretter såg vi blenkjande vatn og rennande elvar overalt. Kunstnaren sjølv, derimot, kunne fortelja at det berre var ei elv i lokalet……

Jon Arne Mogstad er født i 1950, og vaks opp på Grimsmoen i Surnadal. Han er i dag ein anerkjent billedkunstner med ei lang og imponerande merittliste. Han har ei lang rekkje separatutstillingar bak seg, dei fleste her til lands, men også mange i utlandet. I tillegg har han vore representert på eit stort antal gruppeutstillingar. Han har laga utsmykkingar til fleire velkjente bygg, t.d. Telenor/Fornebu, Rikshospitalet, Statoil/Trondheim, Kristiansund lufthavn og ikkje minst vårt eige kulturhus. Sjå den imponerande CVen hans på nettsidene til Kunstnerforbundet.

Jon Arne Mogstad har utdanninga si frå Statens håndverks- og kunstindustriskole, Statens kunstakademi  og Kunstakademiet i Trondheim. Han har vore professor i billedkunst ved Kunsthøgskolen i Bergen , og er i dag professor og leiar for Institutt for billedkunst ved Kunstakademiet i Trondheim.

Jon Arne Mogstad_cropped_715x559.jpg

Jon Arne Mogstad med eitt av trekkplastra på utstillinga: Motivet frå elva Surna med namnet "and it is never a metaphor".

Lone Lorgen_cropped_715x563.jpg

Lone Lorgen frå Rindal bidro med vakker song på opninga av kunstutstillinga.