Marit Elin Eid og Patrick Reurink_6677_1024x683

Festivalopning med kunstnarleg skråblikk

Vårsøghelga vart offisielt opna med kunstutstilling av Oddvar Torsheim på Surnadal kulturhus i ettermiddag. Da leiar i styret for Laget Vårsøg, Patrick Reurink, heldt opningstalen  i foajeen, var dei to første arrangementa i Vårsøghelga allereie avslutta. Det heile starta ved middagstid onsdag med "Tullkattesnutene" i Svorkasalen, og om ettermiddagen følgde forestillinga "Gisli Sursson" ved Oppistua på Øye. Reurink lova noko for einkvar smak dei komande dagane, og peika på at det framleis gjenstår 20 ulike arrangement innanfor eit rikt spekter av sjangrar. Sjå meir frå opninga ved å gå inn i saka!

Marit Elin Eid og Patrick Reurink_6677_715x477.jpg

Leiar i Surnadal kunstforening, Marit Elin Eid, og styreleiar i laget Vårsøg, Patrick Reurink, i lag med "Badande Blå-møy m/henrykt mann": umuleg å ikkje bli i godt humør av! Alle foto: Norunn Holten

Vårsøghelga vart opna med stor festivitas i foajeen på Surnadal kulturhus tidlegare i kveld. Patrick Reurink heldt opningstalen der han lova arrangement for einkvar smak dei komande dagane. Her skulle det bli noko for både unge og eldre, og tilbod som representerte alt frå breidde til det meir smale, eller "alt frå tra-la-la til pling-plong", for å bruke hans eigne ord. Trekkspelvirtuous med Rindalsaner og sju gonger Noregsmeister i trekkspel , Frode Haltli, stod for det kunstnarlege innhaldet i opningsseremonien. Han framførte eit verk av Arne Nordheim, spesialkomponert for accordion. Trekkspelkunst på sitt aller beste, og sjeldan vare i Surnadal!

Multikunstnaren Oddvar Torsheim er festivalkunstnar i år, og utstillinga i Finstuå består av bilete han har i privat eige og som samtidig er av hans beste. Utstillinga er prega av samfunnsengasjement og brodd, men også eit lunt glimt i auget og sterke fargar, ei utstilling det så absolutt er verdt å sjå innom! Sidan dei utstilte bileta er frå kunstnarens eiga samling, er dei ikkje til salgs, men det er både plakatar, kort og CD-ar å få kjøpt. Kunstnaren sjølv meldte avbud like før arrangementet, og var derfor ikkje til stades på opninga. Som eit plaster på såret fekk publikum ein smakebit frå den musikalske produksjonen til Torsheim overført til  skjerm frå Youtube- ei god løysing! Sjå klippet som vart vist ved å klikke her! Motivet på årets T-skjorte er sjølvsagt også signert Torsheim, så for den som ikkje har ledig veggplass, er det likevel råd å få sikre seg eit produkt med motiv av den fargerike kunstnaren.

Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!

 

Frode Haltli_6657_1024x683
Frode Haltli på trekkspel.
Publikum 1_6671_1024x683
Stor interesse for bilda i Finstuå.
Publikum 2_6673_1024x683
Mange detaljar å bite seg merke i!