Festival-Beethoven: Romansar og messe
Festival-Beethoven:
Romansar og messe
Arve Tellefsen (t.h.) og polske krefter er trekkplaster når KKKK-Festivalen startar i Stangvik og Kristiansund i helga. Her er litt om musikken dei framfører - av Beethoven.
Komponerte messer har utspring i gudstenesteliturgien. Beethoven skreiv to – den berømte «Missa Solemnis» og den meir ukjende, kanskje undervurderte «Messe i C-dur», som står på årets festivalprogram.
Namnedagsmesse
Verket var bestilt av fyrst Nikolaus Esterhazy til kona sin namnedag i 1807. Beethoven lova å levere musikk i tråd med denne tradisjonen, «slik De er vant til uforlignelige mesterverk som den store Haydn framførte for Dem».
Den nye messa vart likevel for uvant og «beethovensk» - fyrsten var misfornøgd etter framføringa: - «Min kjære Beethoven, hva i all verden har De laget her?» Rasande over audmjukande kritikk forlet komponisten hoffet same dag – og tileigna ein anna fyrste denne messa!
Trass i dette er «Messe i C-dur» meir tradisjonell enn radikal. Men fylt av uttrykkskraft, velklang og flotte melodiar byr den på mektig oppleving og musikalsk andakt – anten vi hører den i Stangvik eller Kristiansund.
Fiolinromansane
Dei to ungdommelege «romansane» - nytt uttrykk den gongen - for fiolin og orkester er av det vakraste og kanskje mest publikumsvennlege vi har av Beethoven. Begge vekslar mellom nydelege melodilinjer og rytmisk leik i tett «dialog» mellom solist og orkester. Og med norsk musikks «grand old man» Arve Tellefsen som solist ligg det an til tidenes konsertoppleving. Velbekomme!
Bernt G. Bøe
...............
Bildet t.v.: Musikk av Ludwig van Beethoven (1770-1827) fyller opningskonsertane i årets KKKK-Festival.