Gullkonfirmanter 2013 b

Femti års spenn

Denne søndagen var det mange konfirmantar i Rindalskyrkja! Konfirmantane av 1963 jubilerte etter 50 år og konfimantane 2014 vart presenterte. Nedafor kan du lese preika, og no kan du sjå bilde.

Preike Rindal kirke 01.09.13. Konfirmantpresentasjon og 50-års- konfirmantjubileum.


Som Far har elsket meg, har jeg elsket dere. Bli i min kjærlighet! Hvis dere holder mine bud, blir dere i min kjærlighet, slik jeg har holdt min Fars bud og blir i hans kjærlighet. Dette har jeg sagt dere for at min glede kan være i dere og deres glede kan bli fullkommen. Og dette er mitt bud: Dere skal elske hverandre som jeg har elsket dere. Joh 15,9-12

Kjærlighet. Det er vel med kjærleik som med fødslar: Me veit ikkje kva det er før me har opplevd det sjølv. Er du elska, veit du det. Elskar du, blir det så einkvan annan veit det.

Eller! – er det så enkelt?? Det er mesta så ein hadde hatt lyst til å setja i gang ei meiningsmåling og ein gallupp: Kor mange prosent av alle som er her, veit eg elska? Kor mange komande konfirmantar veit at desse til tider både håplause og hjelpeslause foreldra dykkar er inderleg glad i dykk?

For ikkje å seie omvendt – kan foreldre som opplever at alt som heiter oppblåste ideal om den perfekte familien slår sprekk på sprekk allereie frå helsestasjonen av – kan me vita oss elska likevel? Kan ungdommane våre elske oss sjølv om me så langt ifrå strekk til?

Og eg vil tru: Det er ikkje berre i heimar med hormonelle fedre og tenåringar at kjærleiken blir ein underleg ting. Slik er det med oss alle, vil eg tru. Så sant me er relativt vanleg utrusta, søkjer me til kjærleiken.

Til å bli akseptert og respektert. Til å bli elska for den me er – meir enn den me skulle vore.

Jammen sant – så fint!! Då kjem jo Jesus til oss her i kyrkja i dag og svarar på det behovet me har aller mest av: Lengten etter å bli elska.

Det blir akkurat som om Jesus kan vera den brikka som mangla i livet vårt, silk i tillegg til alt anna me er opptekne av: Hus og heim, familie og vener, nettverk på mobil og data, status og pengar, framtidsutsikter og trongen til å bli likt.

Flotters! Med Jesus fell alt på plass. Har me Jesus i tillegg til alt det andre, må det vera bra.

Eller - ! Eg er redd for å snakke Jesus ut av kyrkja i dag. Orda hans er like store og innhaldsmetta som mine er mange. Difor skal eg sitere han ordrett ein gong til:

Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen. Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.

Kva talar Jesus til oss om, anna enn å vera i hans kjærleik. Leva i Jesu kjærleik. Vita oss elska og elske tilbake. Takke og tilbe. Og gleda vår skal endå til bli fullkommen.
Kva var oppskrifta? Oppskrifta var ein smule utfordrande: Me skal elska kvarandre som Jesus har elska oss.

Korleis skal me få til det?

Skal me kunne elske nokon slik Jesus har elska oss, må me fyrst ta inn over oss kor høgt me sjølve er elska.

Konfirmantane av 2014 har månadar føre seg der de skal få undervisning i kva kristenlivet er. Konfirmantane av 1963 har hatt femti år på seg til bearbeide og vidareutvikle kunnskapen frå den tida. Og likevel står me alle på same linje som då me vart døypte: Me vart bore inn i Guds hus og frelsa var noko me fekk. Og med dåp og frelse fekk me ein kjærleik som er større enn nokon forstår.

Sjølv ikkje mødre som har født både ein og ti born forstår fullt ut kor stor Guds kjærleik er til oss i Jesus Kristus. For den er større og sterkare enn døden, og Jesus har gjort sin eigen død til liv for oss.

Kor vanskeleg det er å sleppe Jesus med sitt liv og si frelse til i livet – det er gjerne eit problem som er noko oppskrytt. Bli i min kjærleik, seier Jesus. Vanskelegare er det ikkje – og så mange alternativ finst det vel heller ikkje.

Nedafor ser du bilde av dei som vart presenterte som konfirmantar 2014, og konfirmantar 1963 anno 1963 og anno 2013. Takk til Lediard Foto

Klikk på bilda for å sjå dei større!


 

 

Konfirmanter 2014 presentasjon
Konfirmanter 1963
Gullkonfirmanter 2013 b
Gullkonfirmanter 2013
Gullkonfimanter 2013 a