Truger 1

Trugevandring

Felt-TV i staden for Gullrekka

Det er noko av det iTrollheimen og Furkunnjmat byr på under trugevandringa til Langvatnet i Helgetunmarka fredag kveld. Uttrykket i overskrifta har Gøran Bolme teke med seg frå militæret, og bålet blir sentralt, for det blir matlaging.

Britt G. Moen 1_690x460.jpg
Britt G. Moen legg spenstige planar for serveringa ved gapahuken.

- Det blir ikkje pølse med brød, seier Britt G. Moen, - det er ikkje mat!

Her blir det kul-turmat som du kan vere med på å lage sjølv, og kanskje lærer du noko nytt. «Glohane», ein rett frå Mo-sokna, er ein av rettane.

Gøran Bolme med blank svartkjel_690x460.jpg
Svartkjelen er blank enda, men før turen er over blir det svartkjel, lovar Gøran Bolme.

Mesta 40 deltakarar har meldt seg på trugevandringa. Det var dobbelt så mange som dei hadde rekna med, så Gøran måtte kjøpe inn fleire truger!

Som ekstra motivasjon vil det bli høve til å ta «Trugesertifikat»!
-Trugesertifikatet er i nedbrytbar plast, trur eg, seier Gøran Bolme, - i tilfelle du skulle miste det.

Temperaturen ser ut til å bli grei, men det er vinter, så ta på godt med klede. Kanskje dukkar månen opp slik at ein kan sløkke hodelyktene?

Turen går frå Langvassvegen til gapahuken ved Langvatnet. Dessverre er det for seint å melde seg på denne turen no, men Gøran Bolme, iTrollheimen og Britt G. Moen, Furkunnjmat, planlegg ny tur i påskehelga. Det er berre å følgje med på Trollheimsporten, fortel dei.

 

Gøran Bolme kan fortelle at det siste stuntet iTrollheimen var med på var Trugepilates i lag med Surnadal trenings- og velværesenter. Deltakarar frå 75 år og nedover gjekk på Kleiva ovafor Skei.
- Støggeleg spreke folk, seier Gøran. Det gikk godt med alle, og alle vart sveitte.