Bibliotek

Felles nettprofil for folkebiblioteka

 

Bibliotek.pngNy felles nettprofil for folkebiblioteka

 

 

Måndag 4. november kl. 12.00 gjekk 33 folkebibliotek i Møre og Romsdal inn i ein ny digital kvardag, og blir tilgjengelege for publikum på ein heilt ny måte - nye og funksjonelle nettsider med ein felles profil initiert av fylkesbiblioteket blir lansert.

 

- Hensikta med den nye profilen er å synleggjere biblioteka betre og bidra til å gjere dei samla bibliotekressursane i fylket meir tilgjengeleg. Sjølv om nettsidene har ein felles profil får kvart bibliotek god plass til å dekke lokale behov, seier bibliotekrådgjevar Hilde Merete Gjessing.

 

Eit døgnope bibliotek

Den nye nettløysninga som til stor grad er bygd på dugnad og delingskultur skal gjere det enklare for alle biblioteka til å ta steget inn i den digitale kvardagen. Biblioteka vil no kunne tilby tenester til publikum 24 timar i døgnet, og med det stå fram som langt meir tilgjengeleg og informativt enn før. Til dømes kan ein enkelt få oversikt over eigne lån, bestille, reservere og forlenge lånetid. Ein kan også klikke seg inn på «Bli inspirert» der over 50 av dei bibliotektilsette i fylket kvar veke deler bok- og filmtips med publikum. I tillegg får ein tilgang til ein arrangementskalender som viser kva som skjer både i eige- og i nabokommunane sine folkebibliotek.

 

 

Biblioteka i utvikling

- Mange av folkebiblioteka i Møre og Romsdal er små med få tilsette, så det er ei utfordring å kunne møte forventningane til digitale tenester i dag. Ein gjennomgang av nettsidene til folkebiblioteka avdekka store manglar og behov for utvikling gjennom samordning. Den nye nettsatsinga blir derfor ei kjærkommen løysning, fortel Gjessing.

 

Nettsatsinga føyer seg inn i rekka av samordna tiltak mellom biblioteka i fylket. No har alle folkebibliotek felles logo og profil, moglegheit for regionalt samsøk i alle bibliotekkatalogar, samt felles transportordning for bøker mellom biblioteka.

 

- Nettsidene vil stå fram med ulikt innhald og vere under kontinuerlig oppdatering, og vi håpar og trur at denne satsinga vil gjere biblioteka meir synlege og at innbyggjarane i Møre og Romsdal får dekka eit breitt spekter av bibliotektenester, avsluttar Gjessing.

 

 

Bli kjent med ditt nye digitale folkebibliotek på: www.mrbiblioteket.no

 

 

Den nye nettesida til Rindal folkebibliotek finn du her

 

- og ein liten videosnutt laga i samband med markeringa kan vere verd å ta med seg.
Han finn du HER