Forsamling

Felles foreldremøte i Surnadal kommune

Surnadal kommune arrangerte eit felles foreldremøte for alle foreldre til barn i barnehagane i Surnadal kommune.

På våren i fjor hadde vi kursdag for alle tilsette i barnehagane i kommunen. Temaet var dei minste barna og deira tilknytning til omsorgspersonar rundt dei. Forelesar var Kjersti Sandnes, psykologispesialist og universitetslektor på RBUP i Trondheim.

Kursdagen med Kjersti Sandnes var veldig bra og det vi, mellom anna, satt att med etterpå var at dette ville vore eit fint bodskap for foreldre i barnehagen.

Kommunen, med Torill Helgetun og Ingveig Nordvik i spissen, tok saka og i går kveld var det klart for foreldremøte.

IMG_20140129_183249.jpg

Bodskapet til Kjersti Sandnes er at vi foreldre alltid skal framstå som større, sterkere, klokere og god ovanfor barna våre. Ho seier vidare at når det er mulig: følg barnet sitt behov. Når det er nødvendig skal foreldre ta leiinga.   

Dette er kjernen i foreldrerollen ifølge Kjersti Sandnes. Dette kan høres enkelt ut, men vi som er foreldre er forskjellige individ. Nokon er god på det å vere større og sterkare mens andre er gode på å vere god. Barn treng alt dette.

Det med tilknytning til omsorgspersonar er noko mennesket har utvikla gjennom mange tusen år. Det er ein føresetnad for at vi menneske har overlevd gjennom tidene. Små barn startar med tilknytningsatferd kort tid etter fødselen. Dette for at omsorgspersonar rundt skal svare på denne atferden gjennom å ta vare på barnet og beskytte det mot fare. I dette samspelet mellom foreldre og barn starter den emosjonelle utviklinga for barnet. Når foreldre er god på å møte barnets behov og har eit godt samspell med barnet, dannar det grunnlaget for ei god utvikling hos barnet. Forskning viser at det motsatte ofte vil føre til vanskar i voksenlivet.

IMG_20140129_185420.jpg

Kjersti Sandnes viste klipp på youtube for å illustrere teori og praksis.

IMG_20140129_194651.jpg

Ca 110 foreldre møtte opp og fekk litt fagleg påfyll i løpet av dei to timane det stod på.  

 

Forfattar er Kenneth Bergstad, einingsleiar for Øye og Skei barnehage.