Surnadal kulturhus
Felespel i toppklasse
Det var storfint besøk på kulturhuset denne måndagskvelden då brødrene Einar Olav og Gjermund Larsen og søstrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing hadde lagt turnèstarten sin til Surnadal. Dei gav oss felespel i toppklasse!
Dei som trossa det sure mars-vèret med vind og sludd, og benka seg ned i storstua denne kvelden, fekk oppleva ein konsert det osa kvalitet av! Og aller først fekk dei unge, lokale fele-talentane vera med å opna konserten. Elevar ved kulturskulen fekk vera med spele i lag med Hemsing/Larsen, noko som må vera til stor inspirasjon for dei unge. - Æ ty det læt fint, æ, sa Gjermund etterpå, noko vi i salen var einige i!
Sjølve hovedkonserten opna med at dei fire felespelarane sto i kvart sitt hjørne av salen blandt publikum med kvar si hardingfele og spela folkemusikk etter Hilmar Alexsandersen. Artig effekt, der det høyrdes ut som dei "ropa" til kvarandre med feletonar, før dei enda opp på scena saman i fartsfylt avslutning!
Etter det gjekk det slag i slag med barokkmusikk, folkemusikk og ein blanding av desse. Gjermund har skrive mykje musikk, blandt anna eit stykkje som heiter Trønder-barokk som han hadde skrive for Osa- festivalen. Den gongen hadde han med seg eit, som han sjølv sa, trønderband, også kjend som Trondheimssolistane! - Men dæm villa itj bli me hit, avslutta han.
Søstrene Hemsing gav oss folketonar frå Valdres, der dei kjem ifrå, samt at dei spelte nokre barokkstykkjer. Samspelet var verkeleg ei oppleving! Uten takstokk, utan notar, berre med blikkontakt.
-Hi dåkk hørrd ommen Johan Sebastian Bach?
Det var spørmålet Gjermund stillte dei frammøtte. Han kunne fortelje at den seinaste tida hadde blitt glad i barokkmusikk, men at han ikkje fekk til å spele det på rett måte. Difor hadde han laga barokkmusikk sjølv, basert på Bach. -Det ænklar å spæll rætt nårn hi skrivvi det sjøl, sa han og fekk latter frå salen!
Publikum tykte konserten var for kort og klappa såpass at eit ekstranummer vart på sin plass!
Einar Olav takka Surnadal Kulturhus for at dei fekk komme og spele for oss, men den største takken skal dei fire felespelande ha! Takk!
To damer, to herrer og talentar i frå kulturskulen!
Frå venstre: Einar Olav Larsen, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing og Gjermund Larsen.