Fekk ikkje medhald i klagesak om stadsnamnet Østbø
Stadnamntenesta i Språkrådet tilrår skrivemåten Øvstbøen. Stadnamntenesta viser til meiningsinnhaldet i namnet og rettskriving av ordet «øvst». Alle er samde om at namnet tyder «den øvste bøen»
Eidet vel i Surnadal klaga på avslag om gjenåpning av namnesak på skrivemåten av gardsnavnet Østbø. Kommunen støtta klagen, og Statens kartverk ga Eidet vel medhald og opna ny namnesak av gardsnummer 47.
Saka har vore på lokal høyring i kommunen. Alle som har uttalt seg (grunneigarar, oppsitjarar og kommune) har eit unisont ønske om skrivemåten Østbøen. Stadnamntenesta i Språkrådet tilrår skrivemåten Øvstbøen. Stadnamntenesta viser til meiningsinnhaldet i namnet og rettskriving av ordet «øvst». Alle er samde om at namnet tyder «den øvste bøen». Anna normering vil gje store konsekvensar for normering av andre stadnamn elles i landet med same føreledd, meiner stadnamntenesta.
18. desember kom vedtaket i namnesaka, som altså fastsett at namnet blir Øvstbø. Kartverket skriv slik i vedtaket:
Kartverket viser til vektige argument for både Østbøen og Øvstbøen. Etter ei totalvurdering ender vi likevel opp med å følgje hovudregelen om å nytte gjeldande rettskriving for namneledda for ikkje å skyggje for meiningsinnhaldet i namnet, og vedtek skrivemåten Øvstbøen. Denne skrivemåten har vore offentleg normering dei siste 50 åra og er tilrådd av stadnamntenesta i Språkrådet. Den same skrivemåten, Øvstbøen, blir vedteke for bruksnamnet til bruksnummer 1, 6, 7, 11, 19, 21 og 22. Det avleidde naturnamnet får vedteke skrivemåten Øvstbødalen (dal).
Kartverket skriv vidare:
§ 1 første ledd i stadnamnlova seier at «formålet med denne lova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet (nytt med lovendringa i 2015), og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna». Skrivemåten Østbøen kan gje feil forståing av kva namnet tyder, og er dermed i strid med denne regelen frå 2015.
§ 4 i stadnamnlova seier at det skal «takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk og samisk». Lokal nedervd uttale er øss`bø’n. Forskrift om stadnamn seier vidare om dette: «Skrivemåten av norske stadnamn skal følgje den rettskrivingsforma eller den regionale samleforma som passar best med den nedervde lokale uttalen.» Føreleddet i namnet, som i uttalen har fått forma øss-, er ordet «øvst». Konsonantsambandet -vst- er i uttalen assimilert til -ss-. Når vanlege ord i språket er ledd i stadnamn, følgjer ein normalt gjeldande rettskriving. Øvstbøen (rettskriving av vanleg ord i språket) er mest i samsvar med denne regelen. I forskrift om stadnamn§ 1 første ledd står det at «har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp.»
Kommunen skal syte for at vedtaket vert gjort kjent for dei partane som har klagerett etter § 10 fyrste ledd i lova.