Fekk bortekamp i cupen
Det er no klart at Surnadal sitt A-lag i fotball for herrar skal måle krefter med Eide og omegn i 1. kvalifiseringsrunde til NM.
Ingressfoto: Sindre Fiske og Surnadal møter Eide og omegn på bortebane i årets første kvalifiseringsrunde til NM. Arkivbilete frå serieopninga i fjor, då Surnadal slo Eide og omegn 1-0.
Torsdag kom Norges Fotballforbund sitt oppsett for 1. kvalifiseringsrunde til NM, og der er Surnadal sett opp med bortekamp mot Eide og omegn.
Dermed blir det tøff motstand for surnadalingane, og stormøte mellom lag nummer 2 og 3 på tabellen i fjorårets 4. divisjon.
Webjørn Holten sitt mannskap slo Eide og omegn 1-0 i heimekampen i serien i 2019, men tapte 1-5 i returkampen på Eide.
Sist laga møttest i NM-kvalifiseringa var i 2018, den gong på Amfi Park i Surnadal. Då vann Eide 2-1.
Årets kamp skal spelast innan 21. mars.
Oppgjera med lokale 4. divisjonslag ser slik ut:
Eide/Omegn – Surnadal
Malmefjorden – Træff
Dahle – Sunndal
Kristiansund FK – Tomrefjord