Feiring av EM-gull
Første helga i mai deltok Andrea Einmo Engdal og Harald Polden i EM i Taekwon-do som vart arrangert i Sverige. Begge deltok på laga som tok gull i lagmønster, og Polden fekk i tillegg sølv i lagsparring. Harald og Andrea går i same klasse på Surnadal vidaregåande skole, og onsdag fekk elevane overrekt blomster frå rektor Anders Talgø og kontaktlærar Jon Magne Helgetun.
Frå venstre: Kontaktlærar Jon Magne Helgetun, Harald Polden, Andrea Einmo Engdal og rektor Anders Talgø.