Feira (2) Bn Tr_690x482

Feira 125-årsjubilant

Hjelmkonnå-staben og Bøfjorden Historielag feira Redningsselskapets 125-årsjubileum med Elias-dag og biletkåseri søndag.

Feira (0) x4_690x433.jpg
RS «Erik Bye» tok turen til Åsgardvågen søndag. Bak er bergingsbåten under klargjering til demonstrasjonsoppdrag.

Mange var samla ved Kyrkjebåtnaustet da RS «Erik Bye» fossa inn fjorden og la til attmed Sagskjeret. Eit høgdepunkt var demonstrasjonen med kajakkinstruktør Gunhild Bøklep Bøe som frivillig kantra borte på vågen og skøytemannskapet som med sin lynraske bergingsbåt fiska henne sikkert og trygt opp att. Ypperleg illustrasjon av mottoet «SAR» på redningsskøytene – Search And Rescue («Søk opp og berg»)!

Feira (2) Bn Tr_690x482.jpg
Her er «Elias» bemanna med familien Kvam Aasbø – Harald, Ingrid, Hanna og mor Bodil – saman med dagens skipper Hans Bævre.

Elias-kjøring

Hovudattraksjonen i familieopplegget var kjøring med båten «Elias» – ein populær barnekjenning frå TV og DVD. Med Hans Bævre som kaptein var det mange små som fekk prøve sjølivet rundt på vågen i det flotte sommarveret. Kajakkpadling vart også demonstrert og prøvd.

I og attmed Kyrkjebåtnaustet sørga Arnt Sannes og andre Hjelmkonnå-entusiastar for mat og kaffe av beste merke. Sønnen Tore Sannes kunne som dagens administrator glede seg over at store og små i hopetal kosa seg.

Feira (8) Tr D_690x493.jpg
Kåsør Gunnvald Bøe og museumsvert Inger Lise Heggem jubilerte for Redningsselskapet.

Færre på museet

Etter samlinga ved naustet heldt programmet fram, med noko mindre frammøte, på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Her kåserte Gunnvald Bøe om Redningsselskapet si imponerande og dramatiske historie.

-  Behovet for sjøredning var enormt, sa han. – 500 mann omkom under vinterfisket i nord i 1849, og ulykkestala seinare var også store. Sju av ti ulykkesdødsfall skjedde ved forlis og druknin før NSSR begynte si gjerning.

Han tok vidare for seg utviklinga av NSSR, stifta av Oscar Tybring i 1891, og dei ulike skøytetypane frå dei originale Colin Archer-modellane fram til «Erik Bye» (fart 23 knop) og andre moderne redningsskøyter i dag. – Og frå 1891 til i dag har Redningsselskapet berga 6400 menneske frå den visse død, sa han.

 

Dåden på Hustadvika i 1938

Eit interessant og gripande kapittel i kåseriet var skildringa av «Rokta» sitt forlis på Hustadvika i 1938 og den fantastiske redningsaksjonen med RS «Christian Bugge» i spissen. I NRK-opptak fekk publikum høre skipper John Bakken på «Christian Bugge» fortelje om dramaet - på ekte sjømanns vis, nøkternt og utan skryt. Med kåsørens opplesing av Arnulf Øverlands dikt vart stunda sterk og gripande.

Frå salen kunne Johan Gravvold fortelje at han som 9-åring med eigne augo såg Rokta-dramaet i det fjerne – frå ein haug attmed barndomsheimen til mor si, der han tilfeldigvis var på besøk denne stormdagen i april 1938.

Feira (9) Tr D_690x548.jpg
Johan Gravvold synest Redningsselskapets historie er interessant. Han var – rett nok på lang avstand – augnevitne til Rokta-dramaet på Hustadviksa i 1938. Via CD fekk han gjenhør med redningsskipper John Bakken på RS «Christian Bugge».

«Kvindeforeningane»

Gunnvald var også innom det enorme støttearbeidet som redningsforeningane i Bøfjorden og alle andre sjøbygder har gjort for å støtte Redningsselskapet sitt bokstavleg tala livsviktige arbeid i alle desse 125 åra.

- Tenk om ein fiskebåt som «Skrøyfa»hadde forlist med 8-10 familiefedre frå Bøfjorden ombord! sa han og peika på mannskapsfotoet på veggen. – Da forstår vi at kvinnene heime strikka og sydde og heldt utlodning for ei god sak!

Dermed gjenskapte historielaget like godt denne innsatsen - med ei rask lita utlodning blant dei frammøtte. Og det gav eit par tusen kroner å sende jubilanten!

Mannskapet på «Erik Bye» skulle også ha vore med på Sjøbruksmuseet. Men så ringte alarmen ombord: Ein båt hadde fått motorstopp ute ved Tustna og dreiv mot land. – Da må vi sjølsagt dit og hindre at han driv opp på skjera, sa skipper Bjørge Nygård og beklaga at dei måtte droppe museet ...

-  Men så er det jo nettopp dette vi har NSSR til, konkluderte Bøfjorden Historielag og publikum på museet.

 

Feira (4) Tr_690x459.jpg
Gunhild Bøklep Bøe (nærast land) var kajakk-instruktør.

Feira (5) x4_690x432.jpg
Store og små kosa seg med mat og hygge attmed Kyrkjebåtnaustet.

Feira (6) x4_690x509.jpg
- Maten smakte ypperleg! seier maskinassistent på «Erik Bye», Tomas Knudsen (t.v.) og skipper Bjørge Nygård.

Tekst/foto: Bernt G.Bøe