Feilinformasjon om rovdyrerstatningar
Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft feilinformerar og villeier, meiner Magnar Almberg i dette lesarinnlegget som handlar om tap av sau til rovdyr og rovdyrerstatningar.
Klima- og miljøvernminister Tine Sundtoft feilinformerer og villeier.
Ja takk, begge deler, skreiv Tine Sundtoft i Nationen. Ho meiner vi skal ha både beitedyr og rovdyr, og at tap skal bli erstatta. Det er bra klima- og miljøvernministeren ser at erstatning av tap er ei nødvendigheit for å lukkast med å ha både sau og rovdyr. Dessverre gjentek ho påstandar hennar direktorat publiserte i 2013, om at rovdyrskade på sau har gått kraftig ned fra 2007-2012. Ho viser til tal som tilsynelatande bekreftar at i 2012 vart ein firedel av tapte sauer tekne av rovdyr, medan tri firedelar gjekk tapt av andre grunnar. Dette er villeiande feilinformasjon.
14 dager etter at ein dom i Sør-Trøndelag tingrett slo fast at forvaltningas praktisering av erstatningsforskrifta ikkje var i tråd med regelverket, publiserte direktoratet statistikkar og informasjon som skulle synleggjere at rovdyrskade på sau gjekk kraftig ned fra 2007 til 2012. Direktoratet påverkar statsrådar, politikarar, media bevisst med sin villeiande bruk av statistikk.
Den 4. november fekk vi ein rettskraftig dom i Frostadting lagmannsrett som stadfestar dommen i Sør-Trøndelag tingrett. Retten konkluderer med at direktoratet har foretatt en skjønnsutøvelse som ikke er i samsvar med forutsetningene, slik de fremkommer av retningslinene til erstatningsbestemmenslen i § 8. I tillegg foreligger saksbehandlingsfeil
Konsekvensane av at forvaltninga i fleire år foretok skjønnsutøving som ikkje samsvarte med erstatningsforskrifta, er at færre sauer som er tapt på beite er erstatta som tekne av rovdyr. Slik skaffar forvaltninga seg ein statistikk som dei kan bruke til å underbyggje påstanden om at tap av sau til rovdyr går kraftigare ned enn det som er tilfellet. Som ein konsekvens overføres den økonomiske belastninga med å ha rovdyr over på det private næringsliv. Reduserte utgifter til rovvilforvaltninga påverkar vidare politikarar og folk flest til å bli meir positiv til større bestandar av rovdyr.
Statistikken viser berre kor mange dyr som erstatningsmyndigheitene meiner var passande å erstatta. Den viser ikkje faktiske tap til rovdyr. Når statistikken vert brukt som dokumentasjon på at færre sau blir tekne av rovdyr er det villeiande feilinformasjon. Eg er ein av dei som ikkje søkte om erstatning for unormalt tap i 2012. Det var ein reaksjon på at eg ikkje fekk erstatning i 2011, sjølv om eg hadde dokumentert gaupedrept lam i eigen besetning i 2010, det var andre dokumenterte gaupeskadar i nærområdet i 2009 og 2010, det er ein etablert gaupefamilie i beiteområde mitt, og det var lisensjakt på gaupe i området i 2009. Ein jerv vart skoten i området i 2011.
Etter dom i lagmannsretten må direktoratet handsama fleire liknande saker på nytt. I tillegg vil næringsdrivande, som ikkje har fått eller har fått redusert erstatning mellom 2008-2012, be om at tidlegare vedtak vert omgjort. Når erstatningsmyndighetene er ferdig med å handsame alle desse vedtaka i tråd med regelverket– da først kan vi få ei betre talfesting av kor mange sau som er tekne av rovdyr.
Magnar Almberg