vannkrane[1]_300x261

Fauskåa vassverk – klorlukt/klorsmak

Den siste tida har abonnentar merka klorlukt og kanskje også klorsmak av drikkevatnet i Surnadal. Dette har sin årsak i at klor reagerer med organiske stoff (humus) i vatnet og skapar produkt som gir lukt/smak. Problemet er forbigåande og vil minka etter kvart. Det skriv Surnadal kommune på si heimeside.

Ved Fauskåa vassverk i nedre Surnadal nyttar ein to barrierar mot bakteriar og virus i drikkevatnet. Den første barrieren er UV-bestråling av vatnet, medan barriere to (sekundærbarriere) er lågdose tilsetting av klor.

Den siste tida har abonnentar merka klorlukt og kanskje også klorsmak av drikkevatnet. Dette har sin årsak i at klor reagerer med organiske stoff (humus) i vatnet og skapar produkt som gir lukt/smak.

Sjølv om vi no doserer så lite klor som det er rådeleg, har vi likevel denne effekten med lukt/smak. Årsaka er truleg den spesielle vinteren med barfrost og lite snø.  Dette har ført til eit relativt høgt humusinnhald i vatnet.  "Problemet" er forbigåande og vil minka etter kvart.

Kommunen tek jamnleg prøvar av alt vatn som blir levert til abonnentane og det er 100 % trygt å bruke det, sjølv om ein kjenner lukt/smak av klor.

vannkrane[1]_300x261.jpg