
Farvel til Bæverfjordkiosken
Eit lite stykke bygdahistorie er borte etter at Bæverfjord i.l. no har fjerna den gamle kiosken sin frå Bæverfjord stadion. Kiosken har eit langt liv bak seg i bygda, og mange har hatt eit forhold til den. Det var handelsmann Nils Aasgård og kona Emma som starta og først dreiv kiosken, som dei seinare åra har vore i bruk på Bæverfjord stadion. No må han vike plassen for meir tidsriktige kiosklokale i klubbhuset.
Leiar i Bæverfjord i.l., Magne Sollid, er letta over at det no straks er klart for kiosksalg frå nye lokale. Foto: Ole Erik Bævre
Det knytter seg både nostalgi og bygdehistorie til kiosken, som opprinneleg stod rett utanfor der ICA Bæverfjord no ligg. Kioskdrifta starta kring midta på 50-talet og held fram i ca ein 20-årsperiode. På denne tida låg butikken til Emma og Nils Aasgård, “ A Aasgaard”, på andre sida av vegen i forhold til der ICA no ligg, og det var også dei som starta opp med kioskdrift.
Seinare overtok idrettslaget kiosken og flytta den til stadion. Dei yngre i bygda har nok berre sett kiosken som forfallen og gamal, medan dei litt meir vaksne hugsar kiosken frå sine velmaktsdagar da han var open kvar helg. Da var kiosken eit samlingspunkt i bygda, og mange har positive minne derifrå, anten det no er som kunde framfor disken eller kioskdame bak disken.
Kiosken blir kondemnert i samband med istandsetjing og oppgradering av klubbhuset på stadion. Det er ikkje lenge sidan det vart toalett på stadion. No er idrettslaget så og seie i mål med bygging av kiosk og kjøkken. Dermed er det ikkje lenger bruk for gammelkiosken, som har ein alt for enkel standard etter dagens mål. For alle som har stått i kiosk på stadion, bli dei nye lokala eit stort framsteg som vil forenkle kioskdrifta og gi nye mulegheiter. Det er sjølvsagt også laga rampar opp mot kiosken, slik at verken barnevogn eller rullestol skal vera noka hindring for å koma seg fram til luka. Trass i forbetringane: Det er likevel med eit visst vemod gammelkiosken no blir borte.