Annonse:
Familiegudsteneste med kyrkjebok-gåve i Åsskard
På Fastelavnsøndagen 23. februar kl. 11 er det gudsteneste for små og store i Åsskard-kyrkja. Da er årets 6-åringar særleg innbedne. Aurora, Amalie, Lars Isak, Harald, Einar, Live og Alida får utdelt ei fin gåve – «Mi Kyrkjebok».
Kanskje blir dei med og «pyntar kyrkja til fest» også - slik det blir sunge i starten av samveret.
Tekstane og songane denne dagen handlar mykje om kjærleik - om å vera gode mot kvarandre, slik Gud er god mot oss. Så det blir sunge både «Kjærlighet fra Gud» og «Til kjærleik Gud oss skapte». Takkofferet går til barnearbedet i Amigos.
Etter gudstenesta kan store og små kose seg med saft og kaffe og småbrød i Kyrkjestua. Det er Inger Lise som er kyrkjevert og ordnar med det.
Dette kan bli ein triveleg kyrkjedag!
Bernt G. Bøe
- dagens organist