Picasa

Bøfjorden søndag

Familiedag med «Elias» og «Epos»

 

Bøfjorden søndag:

 

Familiedag med «Elias» og «Epos»

 

 

Ilabukta på Bølandet er arena for familievennleg fellesprogram søndag føremidda: Kjøring av den populære barnebåten «Elias» og jubileumsbesøk av bokbåten «Epos».

 

 

 

Elias-kjøring frå kl. 11.00

 

Jenter og gutar i alderen 2 – 10 år får styre «Elias» rundt i hamnebassenget, med vaksen kaptein som sjef ombord. Flytebrygga ved Saga er utgangspunkt, der Ingrid og Kristin frå Redningsselskapet hjelper barna med flytevest og sikkerhetsutstyr. Elias-kjøringa varer til rundt kl. 13.00. Den er gratis.

 

 

Mat ved Saga

 

Attmed Saga har Bø Grendalag ein liten kafeteria, der store og små får kjøpt pølser, saft, kaffe og småmat.

 

 

Bokbåten «Epos»

 

Klokka 12.00 kjem bokbåten «Epos» til nabokaia ved Samvirkelaget. Bokbåten har 50-årsjubileum og markerer dette med barneforestilling når Elias-kjøringa er ferdig kl. 13.00. Artisten Torunn Tusj underheld med eit festleg program.

 

 

Bøker og ballongar

 

Bokbåten låner som vanleg ut bøker – naturlegvis til både vaksne og barn. I høve jubileet byr «Epos» også på planet-ballongar og andre artige ting for dei yngste. Av praktiske grunnar blir alt bokutlån unnagjort før jubileumsforestillinga.

 

 

Pilotprosjekt

Redningsselskapet («Elias») og Fylkesbiblioteket («Epos») lanserer med dette ein ny samarbeidsmodell ved å tilby komplett – og gratis! - aktivitetsdag for heile familien. Bøfjorden Historielag er lokal arrangør for pilotprosjektet og håpar sjølsagt på både godt ver og god oppslutning.

 

Program på museet

 

Sjøbruksmuseet er ope som vanleg. Og der vil Dagens Tema sjølsagt handle om både redningssak (i spøk og alvor) og litteratur – da med sterke glimt frå livet til sjøs.

 

 

 

Ragnhild Skrøvset i historielaget (t.v.) og Epos-kontakt Randi Vetleseter Bøe inviterer til tidenes familiedag i Bøfjorden søndag.

 

 

Også i 2010 var det Elias-kjøring på Bølandet, da bortimot 40 smårollingar fekk styre den populære båten.

 

 

Den populære bokbåten «Epos» markerer 50-årsjubileet på familiedagen.

 

 

Regionleiar for Redningsselskapet, Kristin Wiig Sandnes, utrustar Elias-styrmenn på flytebryggja ved Saga – no som på Elias-dagen i 2010 (biletet).

 

 

Teaterartisten Torunn Tusj har jubileumsforestilling ombord i «Epos».