Eventyrfestival for barnehageungar i Surnadal
Elevane på Barne- og ungdomsarbeiderfaget ved Surnadal vidaregåande skole inviterer barnehageungar i nærområdet til Eventyrfestival onsdag 26. februar. Barnehageungane får oppleve folkeeventyr som er omarbeidd til rollespel og tilpassa deira aldersgruppe.
Bilde over: Edvin Romundstad (bygg), Hilde Næss, Guro Moen, Marte Strand og Christian Forbregd (bygg). Liggende: Jørgen Wahl Berge
Kontaktlærar for elevane og prosjektleiar, Gerd Ingrid Kvendset, seier at gjennom denne eventyrfestivalen vil elevane få arbeide med ei rekkje læreplanmål på ein kreativ og artig måte, samtidig som denne aktiviteten er eksamensførebuande – og sjølvsagt artig for både aktørar og ungane.
– På den tverrfaglege eksamen skal elevane nemleg lage eit opplegg for barn med utganspunkt i kultur eller fysisk aktivitet. Vi øvar på å lage aktivitetar for ungar heile året, men det er berre i prosessen mot eventyrfestivalen vi fordjupar oss så grundig. Å skape noko er å fordjupe seg, seier Kvendset og spår at det kjem til å måtte bli fleire slike prosjekt med den fagfornyinga som kjem inn i skulen på nokre trinn allereie til hausten.
Kulissene til festivalen er det byggklassen på Surnadal vidaregåande skole som lagar, etter ønskje frå skodespelarane.
– Byggklassen er allveg positive til å bidra og lagar fenomenale kulisser, seier Gerd Ingrid og legg til at det er godt for miljøet på skulen å samarbeide på tvers av klassane. – Når ein får innsyn i det dei andre held på med, legg ein til rette for større respekt for kvarandre og betre samhandling.
Frå venstre: Oda Heggset, Marcus Aase, Anja Ranes, Torstein Ublacker og Christian Forbregd
Barn- og ungdomsarbeiderfaget gjorde dette for første gong i fjor og i evalueringa etterpå kom det fram at både elevar og publikum var svært nøgde med det dei hadde opplevd og lært gjennom prosessen fram til og under festivalen.
– Fjorårselevane tykte det artigaste med heile prosjektet var å spele for ungane og sjå reaksjonen deira, avsluttar Kvendset.
Tekst og foto: Surnadal vidaregåande skole