Nordmørskoppen

Ettermiddagskåseri på Rindal skimuseum

Måndag 1. februar kl 18.00 får skimuseet besøk av romsdalingen og museumsmannen Bjørn Austigard som vil halde kåseri med tema frå den nye boka si, "Røter," som kom ut i haust. Museet sørger for servering, og det er gratis inngang.

Plakat Austigard.jpg

Boka inneheld ei samling artiklar som har stått i Romsdals Budstikke og Driva i perioden 2011-2014.
Boka kostar kr. 400 og er til sals på Rindal skimuseum.

Nordmørskoppen
(ingressbilde)

Kopp bakside.jpg
Mellom mange andre, finn vi ein artikkel om den rosemåla Nordmørskoppen med dekor som tydeleg er inspirert av
blomsterrankar på kistene til Solemshaugmålarane i Surnadal.

Torvtekking på Romsdalsmuseet

Ola Løfaldli og John Møkkelgård_cropped_386x409.jpg

Ein annan artikkel i boka beskriv den gongen romsdalingane i 1993 måtte tilkalle eksperthjelp frå Rindal da det skulle leggast nytt torvtak på ei høyløe på Romsdalsmuseet.
Ola Løfaldli og Jon J. Møkkelgård (bilde over) kunne kunsten og var læremeistrar i å legge torvtak på gammelmåten.

Velkommen til kåseri på skimuseet!