Etablerartilskot til Nordmøre Bilberging AS
Surnadal kommune gir eit investerings- og etablerartilskot til Nordmøre Bilberging AS på kr 140.000,-. Dette er støtte til utstyrsinvestering og opplæring. Bergingsbilen blir stasjonert i Surnadal.
Kommunen yter og ei beredskapsstøtte på kr 20.000,- årleg f.o.m. 2014.
Surnadal kommune utfordrar Rindal og Halsa til å bidra med beredskapsstøtte, da tiltaket er eit regionalt tilbod som kjem beredskapen i alle tre kommunane til gode.