Er det tabu å snakke om Jesus?
Rindal kyrkje 6.sundag etter påske, Joh 15,26-16,4.
Det er noko å orientere seg i, dette landskapet som finst av dei ulike religionane. Me som er kristne, trur på Gud, Jesus og Den Heilage Ande. Vidare har me eit visst begrep om dette som går på treenighet: At det er ein Gud og tre personar i guddommen.
Vidare har me jødedommen. Dei trur på Gud slik me gjer, men har ikkje same forståelsen av Jesus. Det vil seie: Dei ventar fortsatt på Messias, mens me som er kristne trur at Jesus er Messias. Difor held dei seg til Gud slik han har openberra seg i Det Gamle Testamente. Det Nye Testamente vil dei ikkje vita noko av.
Og så har me muslimane. Dei trur på ein Gud dei kallar for Allah. Allah er Gud og Muhammed er profeten hans, seier dei. Så kan me spekulere på spørsmålet om Gud og Allah er same gud? Nokon meiner det – utan at eg forstår korleis dei får det til å stemme når dei ikkje vil ha noko av at Jesus er Guds son. For det vil dei ikkje.
- Kva skal dei med Allah då, når dei ikkje har Jesus, var det ein som spurte. Og eg har ikkje svar. For kor langt skulle me kunne koma utan Jesus? Kor langt – om ikkje nærare og nærare jorda me var tekne ifrå?
Men med Gud vår far og skapar, med Jesus Kristus, Guds son og vår frelsar og med Den Heilage Ande som gjev liv og energi til trua skal me visst koma – kor langt? Så langt at me blir bevart i den frelsa dåpen gjev oss. Lengre kjem me ikkje, og større mål skal me heller ikkje ha for livet enn dette å bli bevart i den frelsa dåpen gjev oss.
Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg. Men de skal òg vitna, for de har vore med meg frå første stund.
Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut av synagogen. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei fordi dei korkje kjenner Far min eller meg. Dette har eg sagt dykk slik at de, når deira tid kjem, skal hugsa at eg sa det til dykk.
Eg forstår ikkje så eg kan tenkja tanken ut, men lell: Tenk at folk kan bli forfulgt for å tru på Jesus! Tenk at dette å tru at Jesus gjev oss tilgivelse for synd og frelse skal vera så provoserande at det blir strengt forbudt å tru på Jesus. Tenk at det er slik i verda i år 2011 som Jesus advarte om då han gjekk her på jorda! Tenk at me ikkje har kome lengre - .
Og slike dumme ting skjer – i Nord-Korea, i Kina, i Saudi-Arabia, i Nigeria og … Gud veit kvar. Det skjer dagleg at kristne blir trakassert og forfulgt fordi dei er kristne.
Kva med oss? Blir me forfulgt fordi me er kristne? Ser me ikkje anna å takke Gud for, kan me i alle fall takke for dette at me får vera kristne. Fritt kan me samlast til gudsteneste i Rindal kyrkje. Fritt og offentleg kan Elias bli bore til Jesus i dåpen. Me har friheit til å tru og meine kva me vil.
Men me kan alltids undrast: Kvifor er me ikkje meir glad for at det er slik? Kvifor benyttar me ikkje muligheita til å samlast i kyrkje og dele ord for livet i større grad enn me gjer? Kvifor ikkje?
Og vidare: Kvifor er det så tabu å snakke om Jesus? Kvifor skulle me halde Jesus på avstand frå kvardagslivet vårt? Kvifor skal kyrkja og Guds hus vera noko me berre bruker når me treng det som mest – og ikkje vekentleg?
For det kan vera at me treng å høyre Guds ord meir enn me er klar over. Det kan vera me treng meir av Jesu frelse for liv og framtid enn me visste. Og det kan vera Den Hellige Ånd har meir mot og framtidsutsikter å gje oss enn me hadde ant.
Eg er ganske sikker på – og dette veit eg av eiga erfaring: Dess meir me arbeider for å lære Jesus Kristus å kjenne, dess meir vil me få av det som fungerer til å bygge oss opp til liv og saligheit.
Så kan kanskje denne dagen hjelpe oss litt til å tenkja over: Korleis skal me kunne hente mest mogeleg av Jesu liv inn i livet vårt? Korleis skal me kunne hente og ause liv og frelse inn i kvardagen vår – så me blir bevart i det livet me vart døypte til å leva.
Korleis skal me gjera det? Det kan vera me kan byrja med nokre kapittel i Det Nye Testamente. Litt salmesong. Ei andaktsbok. Ein tur til kyrkje og til nattverden. Byrja der. Og så vekse i tru og tillit til han som legg framtida føre oss.
Dåpsbarn Elias Solheim Romundstad.
Neste gudsteneste blir felles gudsteneste i Stangvik 1.pinsedag kl.11.00. Muligheter for å kjøpe middag etter gudstenesta.
Og da rekk du jubileumsarrangementet nedafor -
1.Pinsedag kl.16.00 i Kapellet:
Barnemusical v/ Barnekoret Salt og Pepper.
Neste gudsteneste i Rindal kirke: 26.06 kl.11.