visnes

... men laksefisket tok seg opp forrige veke

Enno langt bak fjorårssesongen

Laksefisket har teke seg opp i Surna, men samanlikna med fjoråret er 2011-sesongen så langt ikkje mykje å rope hurra for. Hittil i år er det landa 890 kilo laks i elva, medan fangstmengda i same periode i fjor var over 2 tonn. Bildet viser Arne Visnes som 25. juni tok ein laks på 14,5 kilo ved Krangnes. Med denne fangsten inntek Visnes sølvplassen på lista over de 10 største laksane så langt denne sesongen, medler surna.no.

Ved utgangen av veke 25 var det teke totalt 138 laksar med ei samla vekt på 890 kilo. I tilsvarande periode i fjor var det landa 309 laksar som hadde ei totalvekt på 2070 kilo.

Ti på topp over laksefangstar i Surna så langt sesonge 2011:

1. Oddvar Grøseth - 15,0 kg, Krangnes

2. Arne Visnes - 14,5 kg, Krangnes

3. Oddgeir Einstulen - 13,6 kg, Øvre Sæter

4. Knut E. Rasmussen - 12,8 kg, Gulla

5. Roger Svenvik  -12,0 kg, Honnstad/Mogstad

6. Hasse Fransson - 11,6 kg, Holmsletta

7. Johanes Fugelsnes - 11,1 kg, Pellhølen

8. Tor Egil Langnes - 11,0 kg, Honnstad/Mogstad

8 Terje Wermskog - 11,0 kg, Honnstad/Mogstad

10. Nora Bjørnsen 10,1 kg, Ytre Skjermo