Sang- og musikk møte, Eidet bedehus, 21

Endeleg samling på bedehuset

Ein forsinka songkveld vart arrangert på Eidet bedehus søndag kveld med gjennomførte smittevernreglar. Det var godt å kunne samlast igjen til song og glede og oppmuntring etter tre månader med stort sakn av fellesskap.

Bilde: Anna Sæther

Vi kan seia det var nær fullt hus så langt som smittevernet tillet. Denne songkvelden skulle vore halden i mai med fleire kor, men temaet var det same, Svein Ellingsens liv og salmesong. 

Det var fint å få syngja mange av dei innhaldsrike salmane til ein av våre største salmediktarar i vår tid. Svein Ellingsen er den diktar som har fleste salmar i den nye salmeboka. Det passa også godt å markera han i år som han nettopp har gått bort, etter pandemien starta, nitti år gammel.

Det var også fin song av det nystarta mannskoret «Godt nytt» og av Svein Volle som også leia koret. Det er ti vaksne menn som har lyst til å koma saman for å syngja. Og dei gledde seg stort over at dei no kunne vera med på ei tilstelning.

Vi fekk også fin informasjon om salmediktaren Svein Ellingsen ved Inger Marie Paulsen, som også leia møtet, og med bilete ved Anna Sæther som hadde regien med heile programmet på «power point». Fleire hadde helsingar.

Det var også spesielt godt å syngja fordi vår nye organist Bjørn Vevang stilte opp med eminent pianoakkompagnement både til allsong og solosong. 

Serveringa var litt uvanleg, med pakka enkeltporsjonar. Folk kosa seg.

Takk til NLM-foreninga som arrangerte kvelden.


Einy Rendal Elgsæther


Norsk Luthersk Misjonssamband er medlem av Trollheimsporten.