Surnadal IL melder:
Ellbjørg Haugen Larsen ny leiar i fotballgruppa
På fotballgruppas årsmøte 20. januar vart Ellbjørg Haugen Larsen vald til ny styreleiar.
Det vart handsama vanlege årsmøtesaker, samt to innkomne saker på fotballgruppas årsmøte. Siste sak på agendaen var val av nytt styre.
Av ulike årsakar fortsett berre to frå styret i 2019, Bjørnar Strand og Trond Ellevset Blekken.
Det nye styret vart slik:
Leiar: Ellbjørg Haugen Larsen
Styremedlem BUA: Trond Ellevset Blekken
Styremedlem Anlegg: Bjørnar Strand
Styremedlem Senior: Sondre Næss Bolme
Styremedlem Arrangement: John Ingebrigt Gjerstad
Styremedlem Fri rolle: Svein Ola Fiske
Sportsleg leiar: Styret får fullmakt til å supplere denne rollen, då det ikkje var klart til årsmøtet.
På grunn av at Ellbjørg Haugen Larsen sitt i kontrollkomiteen i hovedlaget vil ho ikkje tiltre som leiar i fotballgruppa før etter hovedlagets årsmøte 12. mars.
Larsen gler seg til å ta fatt på oppgåva og ser fram til å lage "den gode garderobestemninga" saman med resten av styret.
Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.
Ingressfoto: Arkivfoto (Ellbjørg Haugen Larsen i midten).