Ekstremværet Ivar i Rørdalen
Trollheimsporten fekk ein rapport fra Rørdalen tidleg i dag, og tok ein runde for å sjå kva Ivar har stelt istand i Lomundalen og Rørdalen. Sjå bildeserie. Send oss gjerne fleire bilde på redaktor@trollheimsporten.no.
Rapporten frå Rørdalen gjekk ut på at vegen var stengt i Gåsvassliene, der fleire tre hadde velta over vegen. Eit lite hønsehus og delar av eit fjøstak hadde blåst bort, og eit leikehus var velta. Jon Gåsvatn måtte kappe opp eit tre som låg over vegen så ein gjest kom seg heim i går kveld. Det var mange velta tre å sjå langs vegen, og i Gåsvassliene helt dei på med ryddearbeid.
Klikk på bilda for å sjå dei større og i serie.