TorArneMoen_1024x683

Ny brannstasjon opna i Surnadal

Eit bygg for framtida

Brannsjef i Surnadal, Tor Arne Moen, har all grunn til å vera stolt av den nye, moderne brannstasjonen som vart offisielt opna i ettermiddag. Han kalla dei rommelege, moderne lokala i Røtet for himmelen samanlikna med dei gamle på Surnadalsøra. Ordførar Mons Otnes var heller ikkje redd for å ta fram dei store superlativa da han omtala brannstasjonen, og kalla dei nye lokala ein revolusjon for brannvesenet i Surnadal, ein revolusjon som ville ha vore ein utopi for få år sidan.

Brannsjef Tor Arne Moen kan møte framtida betre rusta mot brann og ulykker med nye lokale og nytt utstyr i Røtet.

Godorda satt med andre ord laust da det var offisiell opning av nytt kommunalt bygg i Røtet i ettermiddag. I tillegg til brannstasjon husar bygget ei eiga avdeling for kommunalteknikk, som også har fått nye, tidsmessige lokale i det gamle Felleskjøpbygget.

Vegen fram mot dei nye lokala har likevel tatt tid. Dei første tankane om nye og betre lokale for brannstasjonen kom allereie tidleg på 90-talet. Arbeidet skaut likevel først fart i 2006, etter at ein tilstandsrapport konkluderte med at den gamle brannstasjonen på Surnadalsøra var moden for riving. Det vart sett etter alternativ for plassering, og etter at Per Moen avvikla selskapet sitt i det gamle Felleskjøpbygget i Røtet, fall valget på det. Firmaet Prebo har hatt arbeidet med å bygge på og oppruste bygget, slik at det i dag er spesilatilpassa einingane som skal ha tilhald der. Kommunalteknikkk sine lokale er topp moderne med mellom anna eigen verkstad og separate driftseiningar for vatn og avløp. Den nye brannstasjonen er også bygd for framtida. Tanken er at dei nye, rommelege lokala framleis skal halde mål om 30 år.

Parallelt med arbeidet for nye lokale er også utstyret brannvesenet disponerer oppgradert. Gjennom støtte frå NIUA (Nordmøre interkommunale utvalg mot akutt forurensning) og lokale bedrifter i Surnadal kunne Brannvesenet i fjor skaffe seg ein redningsbil som skal kunne rykke ut til kommunar på Nordmøre ved alvorlege hendingar som involverer mange menneske. Denne bilen er med på å gje brannstasjonen i Surnadal ein knutepunktfunksjon i brann- og redningsarbeidet på Nordmøre.

Leiar for byggekomiteen, Palmer Vikan, gir Terje Forberg frå kommunalteknikk ein gullnøkkel som symbol på overtakinga av bygget.

 

 

Odd Helge Innerdal gav gjestane på opningsmarkeringa ei omvisning både i kommunalteknikk og brannstasjonen sine lokale.