nedre surnadal

Eigedomsskatt i Surnadal kommune

Kommunestyret har vedteke å auke satsen for eigedomsskatt frå  5 ‰ til 6,5 ‰ for bustader og fritidsbustader. Samstundes vedtok dei å senke botnfrådraget frå kr 300 000 til kr 150 000. Faktura for eigedomsskatt blir sendt ut til husstandanane i desse dagar saman med faktura for dei kommunale avgiftene.

For dei med store bustader i bustadfelt kan auken bli på om lag kr 2 000. For mindre hus frå kr 1 000 til kr 1 500.

For hytteeigarar blir det for hytter ved sjøen med innlagt strøm og vatn  auke frå kr 1 500 til kr 2 000. For hytteeigar utan strøm og vatn bli auken opp til kr 1 200.

Skatten forfell til betaling i to terminar, 20.04. og 20.10. saman med kommunale avgifter.

Les meir her

Illustrasjonsbilde