Ei fastetid for rettferd og solidaritet

Den årlege fasteaksjonen, Kirkens Nødhjelp sin bøsseaksjon, er i år 100% digital og det har Trollheimsporten skrive om tidlegare. Kvart år har 40.000 bøssebærarar gått fra dør til dør. I år er det første gong i dei 50 åra aksjonen har eksistert at dette ikkje er muleg. 

Biskopen i Møre har skrive eit innlegg om det:

Midttomme-fotograf-anita-gronland.jpg
I ei tid der vår eiga sårbarheit vert synleggjort er det viktig å hugse på at fastetida også er ei tid for å rette blikket utover og kjempe for rettferd og vår neste.

Årets fastetid er blitt ei svært krevjande tid for mange. Pandemien vi no står overfor rammar oss alle og vi vert oppmoda til å vere med på ein felles dugnad for å begrense smitta. Denne dugnaden utfordrar oss på den delen av fasta som ikkje handlar om fastelavnsbollar, feitetysdag eller å avstå frå feit mat eller sjokolade, nemleg refleksjon.

I fastetida utfordrast vi til å reflektere over oss sjølv, våre val og over den verda vi lev i. Her er det mykje inspirasjon i profeten Jesaja sine ord om fasta: «Nei, dette er fasta eg har valt: å løyse urettferdige lenkjer, sprengje banda i åket, setje undertrykte fri og bryte kvart åk i stykke, å dele ditt brød med svoltne og la hjelpelause og heimlause kome i hus. Du skal sjå til den nakne og kle han, du skal ikkje snu ryggen til dine eigne” (Jes 58,5–7).

Jesaja snakkar her om ei utadvendt, aktiv faste. Slik vert også fasta ei tid for å kjempe for rettferd og for å ta vare på vår neste. Mange norske kyrkjelydar vel kvart år å la nettopp dette kome til uttrykk gjennom Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Dei nyttar delar av konfirmasjonstida til å lære om nokre av dei grunnleggande årsakane til fattigdom og konflikt, og korleis beslutningstakarar i Noreg bidreg til å gjere verda meir rettferdig.

Dugnaden vi alle blir bedne om å vere med på har årets fasteaksjon teke på alvor og pengane samlast ikkje inn dør til dør, men digitalt. I tillegg til å vere med på den nasjonale dugnaden, er vi også med på den globale dugnaden for å avgrense spreiinga av COVID-19 i dei mest sårbare landa. Reint vatn og god hygiene er livsviktig for å førebygge vidare spreiing av viruset og for å hjelpe dei som allereie er ramma. Pengane som samlast inn i fasteaksjonen går til å hjelpe dei mest sårbare i områder med svake helsesystem og dårlige sanitære forhold.

Gjennom Fasteaksjonen samlar kyrkjelydane inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid verda over. Pengane fra aksjonen gjer Kirkens Nødhjelp i stand til å vere til stade når krisa rammar de mest sårbare menneskja i verda. I land med stor fattigdom og dårleg utbygde helsesystem er Kirkens Nødhjelp allereie i gang med opplæring om koronaviruset og smitteførebygging i deira vass- og hygieneprosjekt.

I år handlar aksjonen også om ei annen krise, nemleg å gje reint vatn til menneskjer som kjenner klimaendringane på kroppen. Medan vi her heime bekymrar oss for ein snøfattig vinter og klimadebatten rasar på mange frontar, opplev millionar av verdas fattigaste livsfarlege konsekvensar av klimaendringane. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. Avlingar øydeleggast og skapar enorm matmangel. Tilgangen til reint vann trugast. Det hastar å handle. Det er for lengst på tide å rette blikket utover.

Det gjer meg stolt å oppleve den grenselause nestekjærleiken norske kyrkjelydar viser gjennom sitt engasjement for Fasteaksjonen og Kirkens Nødhjelp. Slik er dei med på å bidra sterkt i Kirkens Nødhjelp sitt viktige samfunnsoppdrag – eit oppdrag vi som kyrkjer har gitt denne organisasjonen: Det handlar om å redde liv og krevje rettferd. Slik er dei med på å stå skulder ved skulder med sårbare menneskjer i Etiopia, Sør-Sudan, Somalia og andre kriseramma land. Vi håpar at du vil stå saman med oss og bidreg til dette året sin digitale variant av fasteaksjonen gjennom nettsida, Vipps eller Facebook.   

Helsing
Biskop Ingeborg Midttømme
Møre bispedøme

Les om den Digitale Fasteaksjonen her!