Egg-mysteriet
Bøtt er skaden! Me syng så i Høgtidsverset for påske. Preika for Påskedagen er innom egg-symbolikken ved påska. Er det brote, blir det uråd å reparere. Med påske brest det meste: Grava, døden - og gjerne framtidsutsiktene òg. Det nye er så totalt ansleis frå alt me hadde tenkt, jfr. Maria og Maria Magdalena som gjev seg av garde til Galilea for å fortelja disiplane om opplevingane ved grava. Kven er det vel ikkje som kjem dei i møte, om ikkje Jesus sjølv?! Levande oppstått og sanneleg: Han er til å kjenne att.
Rindal kyrkje 1.Påskedag 08.04.12 kl.11.00
Knuse egg – fenomenet er neppe ukjent for nokon. Knuser me egg eller knuser me krystall, så går det igrunn ut på eitt: Det er vanskeleg å få det heilt att. Uråd å bøte, er det.
Når me no skal syngja høgtidsverset, skal me syngja det slik Elias Blix stod for å få det omsett. Me skal syngja om at skaden er bøtt og at Jesus er oppstaden.
Når egg er knust, når krystall går i tusen knas, når livet er lagt i grus – då er alt håp ute. Det er gjerne difor egget er eit så fantastisk påskesymbol som det er: Håpet er ikkje knust om egget er det. Håpet ligg nett i dette at ein må bli knust for at det nye skal vekse fram.
Me reiser oss og syng høgtidsverset, slik det står skrive på nr. 178 i Salmeboka:
Han er oppstaden, dyre ord!
For all vår synd er soning gjord,
no er Guds himmel open!
Min Jesus sigra då han braut
dei piler døden mot meg skaut,
og knuste mørkheims våpen.
Å røyst, mi trøyst! Sjå, med siger
fram han stiger.Bøtt er skaden.
Han var død, men er oppstaden!
Dette hellige evangelium står skrive hjå evangelisten Matteus i det 28.kapitlet:
Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.
Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.
Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde!
Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.
Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
Matt 28,1-10.
Følelsane sleng frå det eine ytterpunktet til det andre – og Maria og Maria Magdalena sleng med så godt det let seg gjera. Ein kunne bli schizofren av mindre, må vita.
Jorda ristar så det er for jordskjelv å kalle. Engelen stig ned frå himmelen og rullar unna steinen framom grava. Han er som lynet å sjå til og kleda er kvite som snø.
Mens Maria og Maria Magdalena får beskjed om å ikkje vera redde, går det verre med dei som er vaktmenn. Det går i redselsfull skjelving før dei blir liggjande som døde.
Engelen veit meir enn Maria og Maria Magdalena har sagt. Han veit kva dei vil – og har svar før det blir spurt: Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg! Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: «Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.»
Dei gjer som dei har fått beskjed om, der følelsane sveipar om alle marginar: Dei skunda seg bort, redde og jublande glade på ein gong.
Han dei fèr for å fortelja disiplane om, kjem i møtes med Maria og Maria Magdalena. Dei får møte han personleg før dei spring vidare for å fortelja.
Eit personleg møte med Den Oppstandne Jesus – det er vanskeleg å gjera det upersonleg. Me har sett og me har høyrt nok til å møte Jesus slik han er: Naglemerka i hendene og såret i sida kjenner me til, hakka i hovudet etter tornekrona er det ikkje noko vanskeleg å sjå for seg, lidinga på korset fortoner seg verre enn me har forstand og empati til å få med oss - kampen i dødsriket og med undergangskreftene like eins.
Men møter me den uforbeholdne kjærleiken i Jesus slik han er, fortoner det seg vanskeleg å stå uberørt. Me må gjerne lata oss røre og berøre, imponere og facinere. Me må gjerne lata Jesus møte oss både personleg og privat.
Eit upersonleg møte med Jesus let seg vanskeleg gjera – om det er han me vil møte, om det er han me vil sjå at kjem oss i møte, om det er han me beveger oss mot i bøn og tanke, i salmesong og samtale.
Det kan vera nye horisontar som ligg bakanfor det me kjenner til. Berre me gjev oss på veg – om ikkje til Galilea så gjerne til kyrkje og nattverdbord. Berre me gjev oss i veg, så kjem han oss i møte og møter oss der me er.
Om det ikkje akkurat skal liggja att eggeskal eller knust krystall etter oss, kan det vera me møter framtida på ein heilt annan måte enn me hadde kunna forestille oss. Maria og Maria Magdalena går av garde og ser at Jesus kjem i møte med dei. Legg me av garde til altarring og Fadervår, skal me sjå at han kjem i møte med oss òg. Han er visst levande så han skulle kunne gjera det. Amen.