dum dummere dummest

Matt11,16-19.

Dum, dummare … dummast!

- Kor dum går det an å bli? Den slags spørsmål er det på ingen måte politisk eller etisk korrekt å spørja seg. Men like fullt: Sundag har me delt og meddelt refleksjonar kring dumskap og dårskap, visdom og styrke som går på dette at Gud er suveren i forhold til skapningane han laga. Har me dette i mente, kan me gjera slutte å krype for det me trur er folkesnakk. Dess før, dess betre.

Matt11,16-19.dum dummere dummest.jpg
Men hva skal jeg sammenligne denne slekten med? Den ligner barn som sitter på torget og roper til hverandre:

‘Vi spilte på fløyte for dere,
men dere ville ikke danse.
Vi sang klagesanger,
men dere ville ikke sørge.’
For Johannes kom; han verken spiste eller drakk, og folk sier: ‘Han har en ond ånd i seg.’

Menneskesønnen kom; han spiser og drikker, og de sier: ‘Se, for en storeter og vindrikker, venn med tollere og syndere!’ – Men Visdommen har fått rett, det bekrefter gjerningene hennes.»

 

Det er ikkje fint å seie det – det er mesta så me ikkje kan tenkja tanken eingong. Men likevel: Det hender eg spør meg kor dum det går an å bli. Det vera seg haldningar som kjem til uttrykk i forskjellige media, eller måtar folksnakket kan arte seg på i og utanfor facebook.

Mykje blir rett og slett for dumt! Og mykje folksnakk blir på det viset at det nok seier meir om det mennesket tunga er festa til enn det som måtte vera tema. Kor dum går det an å bli? Sanneleg om eg veit. Det kan vera eg er for dum til å forstå det.

Er me inne på begrep som dårskap og visdom, får me heller gå til Ordet og ta til oss kva me blir forkynt om fenomenet.

Paulus skriv at ordet om korset er dårskap for dei som går fortapt. Men for oss som blir frelst, er det Guds kraft.

Og vidare: Det Gud – kor usannsynleg det enn er – måtte ha av dårskap, er visare enn menneska. Og det Gud måtte ha av svakheit, er sterkare enn menneska.

Og Jesus seier det rett ut: Visdommen har rett. Visdommens gjerningar bekreftar at visdommen har rett.

Men kva skal så me med ord om visdom og dårskap? Ord om styrke og svakheit.

Kva skal me med den slags tale, anna enn å vera trygge og grunnfesta i tru og tillit til at - Nei, dette er ikkje for dumt.

Det er ikkje for dumt å tru Ordet om korset. Det er ikkje for dumt å tru at Jesus er den karen han meinte seg å vera. Det er ikkje for dumt å setja lit til Gud og hans gode vilje for oss. Det er ikkje for dumt – det er det luraste me kan gjera!

Korleis skal me kunne leva og overleva midt i vårt samfunn og vår verden? Folk er folk, og dei oppfører seg som folk både på godt og vondt – på same måte som oss.

Det finst barnslege folk i alle samanhengar. Folk som er fornærma for at me ikkje vil danse til fløytespel eller sørge som dei syng klagesongar.

Og kvifor skulle me det? Er me ikkje frigjort i Kristus, slik at me slepp å bøye oss for alt me måtte føle at er folkemeining og forventning?

Har me Kristus å bøye oss for, får det vera nok. Kva folk ville meine om oss, er igrunn ganske så … marginalt! Uvesentleg. Bagatellmessig.

Dei opplevde det på Jesu tid, at det meste vart gale uansett. Johannes fekk sitt av folkesnakk i negativ lei. Kom Jesus og gjorde ting heilt ansleis, vart det òg gale

Kva meir skal me vente av folk som ikkje let seg opplyse av Guds visdom og Guds klokskap? Kva meir skal me vente av dette Paulus kallar verdas dårskap? Ikkje så mykje, heller fint lite. Eller ikkje noko.

Og dermed treng me heller ikkje krype for det, prøve å tilpasse oss kryssande forventningar, prøve å gjera folkesnakket til lags. Det er det berre å gje opp fyrst som sist – og kvifor skulle me prøve å smiske oss innåt dette feige og vaklande som om me hadde noko der å bestille?

Lat dårskapen og dumheita tala for seg og ha sitt tilvære i fred. Var det ikkje til fridom Kristus gjorde oss fri? Så får me heller leva deretter.