Dugnad ved Åsskardkyrkja
- Måndag kveld klokka 18 snørtar vi opp rundt kyrkja. Til konfirmasjonen Kristi Himmelfartsdag må det vera så pent som muleg, sier soknerådet i Åsskard.
Folk blir oppmoda om å ta med rive og annan reiskap. Både rundt og nedafor kyrkja og på den gamle kyrkjegarden er det lauv og kvist som må fjernast og andre ting å rette på. Soknerådet lovar kaffe med litt attåt i Kyrkjestua når jopbben er unnagjort.
Åsskard kyrkje har vore under reparasjon den siste tida. Men no er det måla rundt inngangspartiet, og stillaset er fjerna. Så også sjølve kyrkjebygget ser bra ut til det store innrykket torsdag.
Bildet viser dyktige damer under dugnaden i fjor. Frå venstre Inger Lise Heggem, Inger Bøe og Torbjørg Settem som jobbar med liv og lyst.