Dugnad gir samhald
I juli skal Norges Bygdeungdomslag ha Landsstemnet sitt i Surnadal. Dugnadsgjengen i Surnadal BU som førebur seg på stemnet var samla lørdag. Det krev mykje å ta imot rundt 1500 gjestar.
Landsstemnet 2016 skal avviklast på Travbanen i år. Surnadal BU har arrangert dette stemnet to gonger tidlegare, i 1981 på Røsmoen og i 2006 der ridehallen no er.
Rundt 45 medlemmer av dei omlag 10 nemndene var samla på Surnadal vidaregåande skule til dugnad og planlegging lørdag. Foto: Surnadal BU.
Surnadal Bygdeungdomslag er framleis eitt av dei store lokallaga i BU. Dei har ca 170 medlemmer, men håper medlemstalet aukar framover mot stemnet. Medlemmer av BU har del i dei fleste medlemsavtalane som Norges Bondelag har, fortel Yngve Røøyen. For nokre år sidan var medlemstalet i Surnadal BU 420 medlemmer.
Klikk her for å sjå promovideo for Landsstemnet 2016!
Her kan du lese om Landsstemnet 2016 på NBUs eigne nettsider.
Det skal lagast 60 slike sittegrupper. Dei rekna med å greie 15 på lørdag. Nokre var ferdig tidlegare, så totalt vart dei nok ferdig med halvparten i løpet av dagen.
Mange skilt skal teiknast og målast. Dei tok den viktigaste skiltinga først!
Nokre av medlemmene i informasjonsnemnda og kulturnemnda: Frå venstre: Robert Lervik, Torunn Rognskog og Ingrid Megård (ledar i Surnadal BU). Bak: Jorund Talgø, Hanne Moen Fiske, Yngve Røøyen og Reidunn Kristine Grytbakk.
Konsertprogrammet ser slik ut:
Tirsdag: 90-tallstema: Dr. Bombay og Infinity
Onsdag: Åpenfest: Staysman & Lazz, Trang Fødsel og Erik OG Kriss
Torsdag: Karstein Mauset og Jävlar på Kärlek
Fredag: Åpenfest: Comet Kid og El Cuero
Lørdag: Åpenfest: Lisas Kvantemekanikk og Too Far Gone
Åpenfest betyr at man ikke trenger å være medlem av NBU for å komme på konserten, så disse kan alle besøke uavhengig av medlemskap og uke eller helgepass.