690 sjekk til kreftforeninga

Donerte 40 000 kroner til kreftsaka

Under Surnadal Sparebank sitt årlege russetreff, avslutta Surnadalsrussen med å donere ein sjekk på 40 000 kroner til kreftsaka.

– Etter å ha arrangert russerevy, festar og ein del andre ting, sit vi att med eit overskot. Vi ønskjer difor å donere 40 000 kroner til kreftsaka, som russekullet meiner er eit veldig godt formål.

Det fortalte russepresident Erik Kvendset Andersen og Knut Arne Fiske Pedersen, som offentleggjorde donasjonen torsdag.

Kvart år, like før starten av russetida, inviterer Surnadal Sparebank russen til samling i banken. Der samlast ulike gode hjelparar og samarbeidspartnarar, for å gje ungdommane gode råd før dei skal feire russetid.

Tradisjonen tru vart det servert pizza og brus, og oppmøtet frå russen var veldig godt, slik det brukar å vere.

Banksjef Allan Troelsen åpna med å ønskje velkommen, før han informerte litt om Surnadal Sparebank og banken sin rolle i Surnadals-samfunnet.

– Vi ønskjer å bidra til lokalsamfunnet, og støttar både kultur, idrett og annan aktivitet i heile kommunen vår. Surnadal Sparebank ser på det som viktig å bidra til å oppretthalde og støtte gode tilbod, som sikrar at både unge og eldre i Surnadal har det fint, seier han.

Elin Mo følgde opp med gode råd til russen om privatøkonomi, og viktigheita av planlegging i ungdoms- og studietida. BSU, sparetips og forsikring var blant områda avgangselevane fekk meir informasjon om.
 

Lærte om stabilt sideleie

Helsesjukepleiar Berit Moan Møkkelgård gav russen ros for at dei har vore flinke til å vaksinere seg mot smittsom hjernehinnebetennelse, sponsa av Surnadal Sanitetsforening, og testa seg for klamydia.

– Faktisk er det heile 53 avgangselevar som har testa seg for klamydia, det trur eg må vere ein slags rekord, sa Møkkelgård.

Ho oppmoda russen til å ta vare på seg sjølve og kvarandre i russetida, og understreka viktigheita av at å inkludere alle. I var helsesjukepleiaren innom tema som søvn, prevensjon og alkohol.

Bjørn Arne Østbø frå Ambulansetenesta gav russen nyttig informasjon om mellom anna kvifor- og ikkje minst korleis ein legg folk i stabilt sideleie.

Han snakka og om kvifor det er så viktig at ein brukar setebelte, sjølv i 40-sone med fartsdumpar, og advarte russen mot GHB, samt russeknutar der ein skal drikke store mengder alkohol på kort tid.

– For all del, fest og ha det artig, men ikkje gjer så de øydelegg dykk, var oppmodinga frå Østbø, som og understreka viktigheita av at ein kun drikk av si eiga flaske.

690 bjørn arne østbø eirik klinge stabilt sideleie.jpg
Bjørn Arne Østbø demonstrerer, på Eirik Klinge, korleis ein skal legge ein person i stabilt sideleie.


– Berre "Ja" betyr "Ja"

Politiet, ved Tor Hansen og Per Gjeldnes, inviterte russen til dialog om grenser, og kva som bør og skal aksepterast i russetida.

Dei informerte avgangselevane om gjeldande lovverk innanfor ein del aktuelle felt, som promille, overgrep, vald og forstyrring av orden.

Hansen og Gjeldnes gjorde det klart at dei ser fram til eit godt samarbeid med russen i vekene fram mot 17. mai, og mana til god dialog dersom situasjonar skulle oppstå.

– Vi ønskjer at de skal ha ei artig og fin russetid. Sjølv om vi kjem til å gripe inn om vi må, vil vi vere ein god samarbeidspartnar for dykk, som de kan komme til dersom de treng det, fortalte Hansen til Surnadalsrussen 2019.

Elinor Bolme frå Surnadal Sanitetsforening var på plass for å snakke om kampanjen «Ja betyr ja», som tek for seg valdtekt og samtykke.

– Det dette handlar om er rett og slett viktigheita av å sette grenser for seg sjølv, og å respektere andre sine grenser. Berre «Ja» betyr «Ja». Der går skillet mellom sex og overgrep, seier Bolme.

Etter russetreffet delte Bolme, saman med Synnøve Talgø og Karen Talgø frå Todalen Sanitetsforening, ut "Goodiebags" til russen. Dei innheldt med mellom anna informasjon og kondomar, og utdelinga var eit samarbeid mellom alle dei fire sanitetsforeningane i kommunen.


Minte om fråvêrsgrensa

Rektor Mons Otnes ved Surnadal Vidaregåande fekk fram latteren i salen då han minte om fråvêrsgrensa, og at denne og gjeld like mykje i russetida.

– Eg håpar de brukar desse mange gode hjelparane rundt dykk, og ser dei som dei gode samarbeidspartnarane dei er. Nyt russetida dykkar, sa Otnes.

Banksjef Troelsen ønska og russen ei god feiring, før russepresident Erik Kvendset Andersen og Knut Arne Fiske Pedersen gjekk opp på scena.

Der fortalte dei altså at russekullet donerer 40 000 kroner til kreftsaka, og startar dermed russetida på ein strålande måte.

690 fellesbilde bidragsytere.jpg
Bidragsytarane på russetreffet var Mons Otnes (f.v.), Bjørn Arne Østbø, Elin Mo, Tone Hammer, Per Gjeldnes, Elinor Bolme, Tor Hansen, Karen Talgø, Synnøve Talgø, Allan Troelsen og Berit Moan Møkkelgård.

690 russen og saniteten.jpg
Dei fire sanitetsforeningane i Surnadal har gått saman og laga "Goodiebags", som vart delte ut til russen etter russetreffet.

690 russen.jpg
Det var godt oppmøte blant russen på det årlege treffet til Surnadal Sparebank.