Dobbeltjubileum på museet
Med eit imponerande Landskyttarstemne unnagjort høver skyttarsaka godt som tema på museet i Bøfjorden komande søndag. Endatil med to jubilantar på menyen - Hjelmen Skytterlag 125 år og Halsa Skytterlag 150 år.
Saman med aktive vil Gunnvald Bøe presentere historie og bragder i Hjelmen Skytterlag. Mannen bak stiftinga i 1888, lærar Ole Aalmo, står sentralt. Han var også den som innførte Krag-geværet i bygda.
Frå starten og fram til lagets ypperleg rekruttar anno 2013 er historia fylt av opp- og nedturar, krydra med humor og dramatikk. Godbitar frå eldre og nyare tid blir å høre av medlemmer som har følgd Hjelmen i tjukt og tynt.
Før Bøfjorden fekk eige skyttarlag, var bygda ein krets innan Halsa Skytterlag. Halsa-formann Lars Indreiten vil helse frå nabojubilanten og orientere om bakgrunnen for dei to aktive skyttarlaga.
Kan hende dukkar det opp jakthistorier, anekdoter og muntre vers? Skyttarvenner og alle andre er velkomne – også med bidrag til ein festleg museumsdag, seier Bøfjorden Historielag, som tidlegare i år delte ut sin «Trollbakkpris» til nettopp 125-årsjubilanten Hjelmen.
Profilert Hjelmen-skyttar: Magnus Bøklep på lagets bane. Imponerte tilskuarar er frå venstre Odd Trodal, Oddmund Gravvold og Kåre O. Bøklepp.
Lovande unge: Hjelmen-rekruttar med årets «Trollbakk-pris». Frå venstre Ane Sæthervik Berg, Martin Bøklep, Lars Jonas Settemsdal og Eline Lillegård, som hadde masse innerblinkar på Oppdal denne veka!
Lærar Ole Aalmo stifta Hjelmen Skyttarlag – og fekk påtale for å drive skyting med elevane i skuletida!
Magnus Bøklep.