Bord 2

Dikt, dialekt og potetnattvore

Det var fullt i Løsetlåna i kveld da folk benka seg kring langborda for å ete den tradisjonelle potetnattvoren. Seinare vart det "åndeleg føde", da Randi og Sverre Hatle frå Surnadal delte sine dikt frå boka "Å vera her" med dei frammøtte. Litt om Surnadalsdialekta vart det og.

Folk koste seg som alltid med potetnattvore: Nykokte Asterix poteter med smør, flatbrød og kulturmjølk til, - enkelt og greitt!

Mange var nok komne for å høyre Randi og Sverre Hatle som som les frå dikboka si  "Å vera her", som kom ut i år. Dei har vore i lag om denne boka og les kvar sine dikt.

- Her var dikt om gardkjerringa, om odelsguten, om løvetann og kornåker, dikt om og til barnebarn og om det "å varra her". Vi tillet oss å ta med dette diktet som har gjeve tittel til boka:

 

Å vera her

Er du av dei
som helst vile vera
på andre sida av gjerdet,
for der er finaste hagen
- på andre sida av vegen,
for der er flottaste huset,
-på andre sida av dalen,
 for der skin sola om kvelden,
- på andre sida av fjellet;
for der er sommaren lenger
-på andre sida av havet
dit fuglane flyg om vinteren?

Nei, det er her
eg helst vi vera,
for her veks roser
og løvetann i hagen,
og her har eg barn
og ektemann i huset.
Her et vi frukost
i sola på trammen,
og her nyt vi omnsvarmen
vinterkvelden,
og hit kjem våren
og fuglane att
som eit under.

Den kjæraste plassen på jorda er her,
for her har eg alt
ja alt det som er.

Randi Hatle

 

Sverre Hatle har vore med og gjeve ut ei bok om surnadalsdialekta, "Ord til gagns". Difor måtte det bli ein sekvens med dialekt. Sverre Halte ville gjerne slå eit slag for dei små orda.
- Det er stor skilnad på å gjerra se ut, å gjerra tå se og å gjerra åt se, til dømes.

Og det å få seg ti ein potsekk er noko heilt anna enn å få ti seg ein potetsekk.
-Ta munnen full av heimavla ord, tygg godt og del med ungene dykkar, sa Sverre Hatle

 

Ann Elin Hess Brønstad og Dagny Karlstrøm serverte poretnattvore

og Margit Elshaug og Brit Stokke forsynte seg