
Difor er ho ikkje Kleivaprisen verdig
Vårsøghelga er ein fenomenal smeltedigel av ulike kulturuttrykk. Kleivaprisen blir delt ut under Kleivakvelden, eit av høgdepunkta under Vårsøghelga, og bør vere eit symbol på openheit, positivitet og den innsatsen gode krefter gjer for at du og eg skal få det enda betre saman. Dordi Skuggevik Tande har med lesarbrevet sitt og påfølgande intervju vist at ho ikkje er Kleivaprisen verdig, skriv Bjørn Tore Brøske.
I motsetning til kva Dordi Skuggevik Tande prøvar å framstille det som når ho svarar på sakleg kritikk med utskjelling og null vilje til sjølvransaking, så har ytringsfridomen gode vilkår i Norge. Som dei fleste skjønar, så er ikkje det å ta avstand frå eit innlegg det same som å ta frå nokon ytringsfridomen.
Og det er nettopp ytringsfridom som gjer at Skuggevik Tande kan få på trykk lesarinnlegg som får folk til å reagere med vantru, og i avisintervju får omtale meiningsmotstandarar som “direkte dumme og tjukke i hodet” (For øvrig eit knakande godt og velformulert argument… ).
Eg vil faktisk takke Skuggevik Tande for intervjuet ho gav med Tidens Krav, distribuert på nett 27.juli og i papirutgåva 28.juli. Der svarar ho på den massive kritikken i kjølvatnet av lesarbrevet hennar i TK og Driva måndag. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje aksepterer haldningane hennar, ikkje treng å argumentere meir.
Intervjuet bekreftar nemleg at alt vi så langt har meint om Skuggevik Tande i debatten etter Utøya-tragedien, stemmer. Difor vil eg oppfordre alle om å lese intervjuet på www.tk.no/nyheter/article5683594.ece
At Skuggevik Tande “fnyser av kritikken” og ikkje vil returnere Kleivaprisen, er ikkje overraskande. Heller ikkje at ho i mangel av gode argument må ty til personangrep, udokumenterte påstandar og ei “alle andre er dumme”-haldning som i lengda blir meir til å le av enn å gråte over.
Men som allereie nemnt; intervjuet i TK talar for seg. Les det!
Tidleg denne veka var eg blant dei som i lesarbrevs form meinte Skuggevik Tande sitt innlegg i Driva og TK måndag 25. juli er ein hån mot Kleivaprisen, som ho mottok i vår.
Formannskapet i Surnadal var også blant dei som markerte at dei tok avstand frå Skuggevik Tande sitt lesarinnlegg. Politikarane ville ikkje trekkje tilbake Kleivaprisen, men gjorde det klart at det fekk vere opp til Skuggevik Tande å vurdere si eiga samvittigheit med tanke på om ho ville levere tilbake prisen.
Svaret ho gav, veit vi.
Her er mine grunngjevingar for at Skuggevik Tande sitt lesarbrev er ein hån mot Kleivaprisen:
Prisen skal ifølgje statuttane vere ei påskjønning/ein kulturpris til lag, organisasjonar og einskildpersonar som har gjort eller gjer ein innsats for kultur og bygdesoge på ulønt basis.
Så langt, så bra. Men etter mi meining må ein sikre at det blir knytt positive assosiasjonar både til prisen og til Vårsøghelga (der prisen blir delt ut). Den som mottek Kleivaprisen må gjerne vere omdiskutert og ein person som ikkje er redd for å vere tydeleg. Men når ein prismottakar i ettertid tilkjennegir haldningar som så godt som heile nasjonen har teke avstand frå, må det på ein konkret måte gjerast klart at dette aksepterer vi ikkje.
Det er etter mi meining heilt opplagt at kultur verken skal eller kan stå isolert frå resten av samfunnet. Musikk, litteratur, scenekunst og andre uttrykksformer har mange viktige funksjonar.
For meg handlar kultur mellom anna om å vere nysgjerrig, positiv og open for nye uttrykk. Det handlar om å ha som utgangspunkt at ein kan lære av andre, og om at ein har godt av å få testa fordommane sine. Fantastisk mykje flott har oppstått i møtet mellom det som i utgangspunktet kan verke som uforeinelege tradisjonar og uttrykk.
For meg handlar kultur også om at alle i utgangspunktet er like mykje verdt og har like mykje å bidra med. Det handlar om ikkje å generalisere, men å sjå enkeltindivida – uavhengig av bakgrunn, nasjonalitet, hudfarge og religion.
Vårsøghelga er blitt ein fenomenal smeltedigel av ulike kulturuttrykk. Kleivaprisen blir delt ut under Kleivakvelden, eit av høgdepunkta under Vårsøghelga, og bør vere eit symbol på openheit, positivitet og den innsatsen gode krefter gjer for at du og eg skal få det enda betre saman. Dordi Skuggevik Tande har med lesarbrevet sitt og påfølgande intervju, etter mi meining gjort det klart at ho ikkje er Kleivaprisen verdig.
Bjørn Tore Brøske