Dette er ikkje kult!
Onsdag morgon var grasbanen på Syltøran oppspøla og ødelagt av hjulspor. Surnadal IL Fotball har delt bilde av hjulspora på Facebook, og ber om at dette ikkje må skje igjen.
- Dette må ha skjedd tirsdag kveld eller natt til onsdag. Det vart oppdaga onsdag morgon, fortel leiar i Surnadal IL, Øystein Hjelle Bondhus til Driva
Dette skriv Surnadal IL Fotball på facebook:
Til den eller dei som har funne det for godt å bruke graset på Syltøran som arena for spøling:
Dette er ikkje kult. Dette er ikkje tøft. Vi har frivillige som brukar time etter time, kvar einaste dag og kvar einaste veke, på å halde grasbanene våre i topp stand. Vi har fleire barnelag som brukar nettopp dette området som treningsbane, fleire gonger i veka.
Tykkjer de verkeleg det er greitt at dykkar små sekund med spøling skal øydeleggje for deira timar med arbeid og trening?
Vær så snill - ikkje gjer dette igjen.
Foto: Surnadal IL Fotball