Det «nye» Ranesorgelet
Torsdag kveld vart det nyrestaurerte orgelet i Ranes kyrkje innvigd og teke i bruk under Kveldssongen med både prost og biskop tilstades, og det verka som både menigheta og orgelet gledde seg.
No er orgelet klart til å gje tonefølgje til den nye salmeboka, noko kyrkjeverje Ingeborg Nordlund understreka ved å gje kantor og orgelbyggar Espen Selbæk ein pakke med den nye koralboka som takk for arbeidet med orgelet.
Orgelet er no restaurert tilbake til slik det var før 1970, sa Espen Selbæk i si innleiing om restaurasjonsarbeidet. No er dei lyse og skarpe stemmene borte. Det har vorte svakare, men fyldigare. Det er godt til akkompagnement og menighetssong.
Til slutt inviterte han alle opp på orgelgalleriet etter Kveldssongen.
Han lova også eit foredrag om restaureringa med illustrerande bilde ein gong neste år da orgelet er 100 år! Til slutt takka han for tilliten frå soknerådet som gav han dette oppdraget.
Kveldssongen opna med salmen «Lovsyng Herren», sprudlande friskt akkompagnert av Selbæk.
Han viste ei anna side ved orgelet med ei var og mjuk framføring av «Bist Du bei mir» ( Stölzel / Bach ).
Kantor Espen Selbæk viste gjennom tonefølgjet til salmane denne kvelden mange av dei ulike muligheitene orgelet hadde å by på.
Han avslutta med eit jublande postludium, Toccata av Dubois, og det verka som både kantoren og orgelet gledde seg!
Mange følgde oppfordringa om å besøke orgelet på galleriet. Her fekk dei høre enda litt meir om orgelet og av orgelet. Vi ser så vidt Svein Ranes som har trødd belgen på orgelet for far sin som var første organist på dette orgelet.
Sjølvsagt måtte kantor Oddveig Helset Halle prøve orgelet "sitt" denne kvelden! Vi gratulerer!
Les også det Trollheimsporten skreiv om orgelrestaureringa tidlegare.