HesjeDVD (2)

Det lakkar og lir mot Kvardagskultur igjen

Tirsdag den 18. mars kl. 19:00 blir det ein ny runde med “KVARDAGSKULTUR” i Storstua på Skei. Eistein Bæverfjord har premiere på sin siste film om slåttonna på 1950 og –60-talet

HesjeDVD.jpg

Tirsdag den 18. mars kl. 19:00 blir det ein ny runde med “KVARDAGSKULTUR” i Storstua på Skei. Eistein Bæverfjord har premiere på sin siste film om slåttonna på 1950 og –60-talet. Vi i TP hadde omtale av saka i januar så dette er ei lita påminning. Som sagt så er slåttonna, og livet rundt slåttonna før i tida temaet i filmen. Nils Røv vil også ta for seg same tema i sitt kåseri, og det blir både trekkspell- og munnspell-musikk. I musikksamanheng vil Johnse Sættem og Per Olav Bredesen også koma ein snartur oppå scena denne gongen. Og til slutt blir det sjølvsagt allsong; Fager kveldsol smiler

 

Kjærleik.jpg

I tillegg til å vera ein praktisk / historisk dokumentasjon, blir det også rippa opp i romantiske minner, der lukta av nyslått gras på hersjer og tørt høy, kunne vera med på å gjera sumarnatta ekstra romantisk. – Vi kjenner ikkje denne lukta no lenger – seier Gudrun. Det er ikkje den same lukta av rundballar.

Tekst/foto: Eistein Bæverfjord